JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Eit bukk til storbandtradisjonen

Denne plata provar at Ojkos er ein god idé.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1993
20230602
1993
20230602

Jazz

Knut Kvifte Nesheim & Ojkos:

Graosido

Henriette Eilertsen, fløyte; Camilla Hole, sopransaksofon; Tina Lægreid Olsen, klarinett og altsaksofon; Richard Köster, Lyder Øvreås Røed og Tancred Heyerdahl Husø, trompet; Magnus Murphy Joelson og Johannes Fosse Solvang, trombone; Martin Taxt, tuba; Mike McCormick, gitar og elektronikk; Arne Martin Nybo, gitar; Clément Merienne, piano; Alexander Hoholm, kontrabass; Knut Kvifte Nesheim, trommer.

Taragot Sounds

Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo (Ojkos) har gjeve medlemene ei solid plattform som dei kan nytta i å utvikla seg som komponistar. Denne gongen er turen komen til trommeslagaren og perkusjonisten Knut Kvifte Nesheim. Han ættar frå Voss og Nesheimstunet på morssida og har tydelegvis late seg inspirera av fjellmassivet Gråsida, som han skimtar vest i himmelsynet oppe frå Nesheim.

Alle dei sju komposisjonane har fått tittel på vossamål og er namn på natur- og vêrfenomen. Nesheim nyttar ofte dialog i komposisjonane, der rytmeseksjonen er i «samtale» med dei andre instrumentseksjonane. Spesielt i «Grøvona» utviklar dialogen mellom rytmeseksjonen og trombone/tuba-seksjonen seg på rytmisk intrikat vis.

Nesheim dyrkar kontrastane i ensemblet, men veit også å få maksimalt ut av eit samla band. «Vadlasletta» tyder på at han kan sin storbandlitteratur. Faktum er at det meste av musikken her enkelt kunne vore omarrangert til eit storband med tradisjonell besetning.

Ideen med Ojkos er å gje medlemene komponistutfordringar etter tur, men dei er også ei samling av framifrå solistar. Dei fleste slepp til med interessante bidrag, men det må vera lov å dra fram koret til Merienne på «Taoe». Ho har ein sans for pausar som ville vore ein Miles Davis verdig. Graosido er likevel først og fremst ein triumf for ensemblet og komponisten og arrangøren Knut Kvifte Nesheim.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis