Ein unødvendig og heilt grei film
Kan eg håpa på at Olsenbanden har gjort sitt siste brekk?
Munchmuseet må jo vera nøgde med å ha ein så stor reklameplakat som dette.
Foto: Filmweb
Komedie/familiefilm
Regi: Hallvard Bræin
Olsenbanden – siste skrik
Med: Anders Baasmo, John Carew, Elias Holmen Sørensen, Vidar Magnussen
Egon Olsen (Baasmo) kjem endeleg ut frå spjeldet, og Benny (Carew) og Kjell (Sørensen) stiller opp. Det same gjer ein hissig kriminalbetjent (Magnussen) og eit flunkande nytt Munchmuseum.
Overflødig
Du er ikkje fødd på syttitalet utan å ha sett minst éin Olsenbanden-film, heile tretten filmar å velja i mellom innspelingane frå fyrste filmen i 1968 fram til 1984. På same måte som nasjonalskatten Fleksnes er basert på ein engelsk karakter, er heller ikkje Olsenbanden norsk.
Den danske originalen blei spelt inn parallelt med norske og svenske utgåver, både plott og karakterar likt: familievenlege, ufarlege småkriminelle hamnar i klabeit med lovens lange arm. Det kanskje mest fascinerande er at den særs middelmåtige filmserien gjorde suksess den gongen, og at nokon framleis meiner Olsenbanden fortener nye sjansar.
Det er kanskje vel strengt, for Olsenbanden – siste skrik er ein heilt grei familiefilm, han berre kjennest totalt overflødig. Heller ikkje dei medverkande verkar særleg entusiastiske, meir som at dei har fått betalt for jobben og utfører han. I tillegg har dei introdusert ei Valborg som er så blotta for understatement og sjarmerande kvalitetar at ein skulle tru ho var ein karakter frå Børning-serien i staden. Var det nødvendig?
Reklamefilm
Munchmuseet må jo vera nøgde med å ha ein så stor reklameplakat som dette. Eg vil ikkje tru dei har budsjett til å sponsa filmen, men det er akkurat det det ser ut som dei har gjort. Eg humrar jo når John Carew slår eit slag for ein Toyota Yaris frå Bilkollektivet, og mumlar i skjegget over den prominente plasseringa elsparkesyklar har.
Uansett preferansar: det er litt av ein produktplasseringsfest Olsenbanden inviterer til, jamt over. Det er synd resten ikkje er like festleg. Om ungane ler godt av lensmann Vidar Magnussen som spring med høge kne, og Egon Olsen sine «hengerumper»-utbrot, så er jo det flott. Eg veit betre enn å overvurdera familiefilmpublikummet, men for min del må dette gjerne vera nettopp siste skrik frå Olsenbanden.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kultur-
arbeidar og fast filmmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.