Ein open poetisk invitasjon
Dikta til Gro Dahle vibrerer og skjelv av ny tyding.
Gro Dahle granskar fenomenet «heim» i den nye diktsamlinga si.
Foto: Line Fresti
Gro Dahle granskar fenomenet «heim» i den nye diktsamlinga si.
Foto: Line Fresti
Kva er ein heim, eit hus? Kva vil det seie å bu? I Gro Dahles nye diktbok Hjem, sier hunden vert omgrepet og fenomenet «heim» utsett for ei poetisk romsterande gransking. Ikkje slik at poeten raserer noko eller held dette ordet opp mot lyset for å granske det på fråstand. Nei, Dahle vert trekt mot det, tek fysisk bustad i det. Og om det passar seg, spaserer poeten like godt ut av det igjen. Det hadde kan hende ikkje vore Gro Dahle om ikkje heimen òg kunne få nok av alt og stryke på dør og forsvinne. Slik barndomsheimar ofte gjer.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.