Ein fest av ei remikssamling
Å høyre Madonnas jubileumssamling er ein opptur med ein liten nedtur.
I år er det 40 år sidan debutsingelen til Madonna kom ut.
Foto: Wikimedia
Pop
Madonna
Finally Enough Love
Warner Records
Madonna blei fødd i 1958, og i år er det 40 år sidan debutsingelen hennar, «Everybody», blei spelt inn. 50 av utgjevingane hennar – inkludert eit heilt album, You Can Dance, i 1987 – har oppnådd nummer-éin-plassering på den amerikanske Billboard Dance Club Songs-hitlista. Finally Enough Love feirar høvet ved å samle remiksar av 16 av desse, og 19. august kjem ei 50 spor lang samling, Finally Enough Love: 50 Number Ones.
Kortversjonen startar storslått med utvalde spor frå You Can Dance, og denne meldaren er entusiastisk med på notane fram til spor 13: Det er ingen løyndom at underteikna ikkje er fan av den svenske produsenten Avicii, og den overkomprimerte «Girl Gone Wild (Avicii’s UMF Mix)» framstår, med sine heller barnslege og banale synthriff, som temmeleg tam, veik og bleik. Det kjem seg heldigvis fram mot spor 16: Honey Dijons remiks av Madonnas dansehit nummer 50, «I Don’t Search I Find», er ein svært kompetent djup houseproduksjon, og det er teksten til denne songen tittelen til samlinga kjem frå.
Med unntak av ein liten nedtur utgjer Finally Enough Love ei medrivande tidsreise gjennom Madonnas musikkarriere i form av remiksar dei færraste tidligare har høyrt, og eg for min del blir sitjande att svolten på meir. Den komplette samlinga blir nok litt av ei skattekiste som ein vil kunne storkose seg med, lik ein diskotekets kong Krøsus, fanga i popdronninga sitt trollbindande, taktfaste grep. Og nett no vil eg sjå TV-serien Pose igjen. Han handlar om den skeive ballroomscenen i New York på 80-talet, subkulturen som inspirerte og bidrog til videoen til songen «Vogue».
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er DJ, trommeslagar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.