JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein fest

Debutant Lina Breidablik får hummar og kanari til å bli heil ved.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lina Breidablik er fødd i Balestrand og bur i Oslo.

Foto: Daniel Vikum

3164
20230317
3164
20230317

Roman

Lina Breidablik:

Heime aleine

Gyldendal

Om ein skuleelev fekk i oppgåve å greie ut om kva ein roman var, ville eleven mest sannsynleg ikkje trekke fram Lina Breidabliks Heime aleine som kroneksempel. Like fullt er boka ein roman. Det er ein roman som hoppar ikring som ein hare i skogen. Det er ein utruleg likande hare.

Substansrikt

I serien av spreidde innfall finst nokre faste haldepunkt. Eg-personen beveger seg mellom ein heim i eit rivingsprosjekt bak Slottsparken, ein jobb i byråkratiet, handleturar på Kiwi og møte med legevennen Peter.

Innimellom kjem kortare og lengre kapittel som ikkje følger naturleg etter noko som helst, som kan begynne slik: «Ingrid Søreide er blitt kunstnar» (vi anar så langt ikkje kven ho er, og ho kjem aldri meir tilbake), «Eg får lyst til å skrive testamente», «Gutar som har rigga det til for seg sjølv, comfort-messig».

Likevel manglar det ikkje på substans i denne romanen. Ramma i seg sjølv fortel om ei ung kvinne som ikkje har dei største ambisjonane, som ikkje har mange vener, og som betraktar kollegaene og andre menneske rundt mest som romvesen, men som stadig reflekterer over det ho ser. Her finst kostelege skildringar av vilkårlege folk, som av tidlegare klassevenninner som i ein alder av 17 var leie av fest og begynte å drikke kvitvin saman og ete laksefilet. Fryst laksefilet frå Ica. Som ei lengre utlegning av det trafikalt ubegripelege Majorstukrysset, og av den oppdikta gjengen som ein gong satt og klekte ut dette systemet, med påfølgande tur på puben Gamle Major for å feire seg sjølve.

Eller meir filosofiske tankerekker som over dei to kvalane som blei flytta frå eit basseng i Asia og sleppte ned i havet utanfor Island, endeleg frie: «Eg veit verkeleg ikkje kva eg ville følt om nokon firte meg ned i jungelen eller på savannen og sa at eg endeleg var fri».

Sikker penn

Å lese Heime aleine er ein fest. Ikkje i frosen laksefilet-varianten. Eg vekslar mellom å bla meg nysgjerrig og fengsla framover og bryte ut i latter. Og eg kan bli sittande ei stund og degge for enkelte formuleringar, som når Majorstukrysset-ingeniørane forlet utestaden: «Dei slengde jakkene over skuldrene og tumla ut som eit laust samansett molekyl». Eller: «Ho hadde ein forvirrande slitasje over seg, den såg ut som ei sorg ingen hadde formulert». Eller: «Juni er full av små ting som lagar overraskande mykje lyd.»

Debutant Breidablik har ein sikker, litterær penn som eg frå side 1 av ikkje får høve til å tvile på. August Strindberg har ei berømt opning i Det röda rummet, med eit sveip over Stockholm, som frå eit opphøgd forfattarutsyn, før vi dykkar ned på gateplan. Når Breidablik startar med asketreet utanfor vindauget og lar hovudpersonen fabulere over kor røtene blir av, kanskje dei strekk seg heilt til Kiwi borti gata, blir vi dratt rett ned under gateplan. Derifrå løftar alle tankane seg oppover.

Eg er heilt ute av stand til å seie kva denne romanen «handlar om», og det er eg letta over. Eg er blitt gjort rik på tvers av handling.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis