JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Ein bauta over ein spelemann

Boka Men så kom Hauk Buen er ein bauta over ein av dei fremste tradisjonsberarane i norsk folkemusikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3711
20230217
3711
20230217

Biografi

Hallgrim Berg:

Men så kom Hauk Buen

NRK

Den 1. mars 2021 slutta livet til Hauk Buen. I gravferda like etter, i den vakre barokkyrkja på Kongsberg, møtte store delar av den norske folkemusikkeliten fram. Bror til Hauk, Knut Buen, leia kulturprogrammet. Systersonen Per Anders Buen Garnås spelte, saman med Hallvard T. Bjørgum. Sigmund Groven og Kåre Nordstoga gav kvart sitt musikalske bidrag. Jamvel frå USA, frå ein representant for Hardanger Fiddle Association of America, var det helsingar.

At så mange møtte fram for å seia farvel til Hauk Buen, var ikkje tilfeldig. Han var ein særsynt spelemann. Det var sjeldan at han heva stemma. Alltid fór han stille fram. Men når han sette seg til med hardingfela, kom tonane ut med ein tindrande klarleik som få kunne gjera etter. Når ein lytta til Hauk Buen, lytta ein til sjølve den norske folkemusikkarven.

Boka Men så kom Hauk Buen er skriven av Hallgrim Berg – politikar, men ikkje minst folkemusikar gjennom mange år. Hallgrim Berg møtte Hauk Buen på slutten av 1960-talet. Sidan hadde dei to mykje med kvarandre å gjera, på kappleikar, på reiser i inn- og utland og elles gjennom personleg venskap. Difor har Hallgrim Berg levert eit nært og, ikkje minst, varmt portrett av Hauk Buen.

Den litt spesielle tittelen på boka syner til ein episode i 1976, då dei fyrste Folkemusikkdagane i Ål blei arrangerte. Oppe på folkehøgskulen på Bakketeigen skulle ein setja sjølve prikken over i-en med å arrangera ein kappleik med tre framifrå spelemenn, éin frå Hallingdal, éin frå Valdres og éin frå Jondalen. Mens lensmannen, presten og resten av styringsverket sat fremst i salen, gjekk konferansieren – som var Hallgrim Berg – ned til spelemennene i garderoben. Det synte seg at han frå Hallingdal hadde kikka litt for djupt i glaset. Han frå Valdres hadde fått isjias. Då kvar av dei to kom opp på scena, var prestasjonane deira godt i underkant av det ein kunne ha venta. Men så kom Hauk Buen. I ein fortetta klokketime viste Hauk kva spel på hardingfele kan vera, skriv Berg. Det var gjennomarbeidde slåttar med tematisk fantasi, sjeldsynt tonalitet med gjennomførte danserytmar. Det publikum fekk sjå denne dagen, var «den fullgode spelemannen med den fulltonande fela», fortel Hallgrim Berg.

Då Hauk Buen dukka opp i Ål i 1976, hadde han allereie ein lang karriere bak seg. Han var fødd på garden Buen i Jondalen i mai 1933. Den gongen låg Jondalen i Gransherad kommune, og han høyrde såleis til Telemark både administrativt og kulturelt. Folkemusikken fekk Hauk med seg heilt frå barnsbein, delvis frå farsslekta i Jondalen og delvis frå morsslekta i Tuddal. Fyrste gongen han opptredde på ein kappleik, var i Heddal i 1947, der han spelte slåtten «Livius Smitts minne» i tradisjon etter Lars Fykerud. I 1953, 20 år gamal, vann han B-klassa på Landskappleiken i Oslo og rykte opp i A-klassa.

Men så kom Hauk Buen er ei hylling av ein av dei mest særmerkte spelemennene i Noreg etter den andre verdskrigen. Men boka er noko meir. Samstundes som forfattaren skriv om Hauk, skriv han om alt det me kan kalla for den norske folkemusikkscena dei siste sju tiåra. For alle som vil læra meir om kva den til tider miskjende norske folkemusikken eigentleg er, er denne boka eit funn. Hallgrim Berg skildrar ikkje berre eitt spelemannsliv, han skildrar eit heilt miljø og ein kultur. Når ein har lese boka, får ein verkeleg lyst til å dra på kappleikar og konsertar for å møta dei som held fram med å taka vare på den norske spelemannstradisjonen.

Halvor Tjønn

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis