Ei soge om staten og Hauge
Haugianerne får biletet av Hans Nielsen Hauge til å rakne. Men er statens møte med lekmannen nok til å byggje eit nytt?
Obelisk med minneplate over Hans Nielsen Hauge (1771–1824) ved Bredtvet kyrkje i Oslo.
Foto: Chell Hill / Wikimedia Commons
Sakprosa
Trygve Riiser Gundersen:
Haugianerne. Enevelde og undergrunn
Cappelen Damm
Trygve Riiser Gundersen presenterer eit ambisiøst program i boka Haugianerne. Enevelde og undergrunn. Forfattaren vil måle eit bilete av Hans Nielsen Hauge slik historia stod fram i hans eiga tid. Eit portrett utan føringane frå ettertidas grunnforteljing om bondesonen, lekpredikanten, gründeren og forfattaren, ei forteljing som har hatt eit sterkt preg av konsekvensane av verket hans. Ambisjonen er god, liksom anslaget om ei ny forteljing om Noreg med rot i den religiøse ålmenta og grasrota, eit grep som lenge har vore etterlyst av samfunnsvitarar.
Grepa Gundersen gjer er noko provoserande; han vel den dansk-norske statens møte med Hauge og haugianarane som utgangspunkt for å gje eit bilete av Hauge som spring ut frå hovudpersonen sjølv. Det provoserer av di Hauge var statsmaktas fange; biletet av han kan ikkje meislast ut frå desse kjeldene åleine.
Eit eksempel er at Gundersen ser det som mogeleg at Hauge var Seebergs etterfølgjer ut frå sokneprest Urdahls rapport og rettsavhøyra i 1805, medan Hauge sjølv uttrykkjeleg motset seg dette i den fyrste utgåva av boka Verdens Daarlighed frå 1796. Den tidlege haugianarrørsla krev grasrotas perspektiv – noko Gundersen leverer på. Grepet hans tener òg til ei avgrensing som i det heile gjer prosjektet mogeleg, og slik sett fungerer det godt.
Friskt
Det er noko friskt over denne framstillinga. Det er viktig å korrigere biletet av Hauge. Men er det eigenleg Hauge vi får auge på? Kan hende biletet av Noreg i Hauges tid er enda sterkare enn biletet vi får i boka, og på den måten har forfattaren lukkast med programmet om å skrive forteljinga om Noreg ut frå statens møte med Hauge og haugianarane. Lesaren blir leidd forbi dei ulike sementerte bileta – myten og ikonet – og tilbake til desse og andre avgjerande møte mellom bønder, mellom dei og embetsmenn og mellom statens eigne menn og institusjonar. Haugianerne er såleis ikkje fyrst og fremst ein Hauge-biografi. Ho er ei ny kollektiv historie om Noreg – eit korrektiv til historia om oss.
I denne historia kjem folkemeiningas påverknad fram, bøndenes initiativ og avgrensing, men også dei rammene kongens menn levde under. Det er ei kompleks, motsetnadsfylt og innsiktsfull forteljing som kastar nytt lys over utviklinga av bøndenes demokratiske kompetanse, fridomskampane deira, gudsfrykta i folket og statsmakta si bruk og misbruk av ho.
Haugianerne ber preg av kreative framstillingar og språkleg genialitet, det er ei underhaldande og spennande bok for fleire enn spesielt Hauge-interesserte. Ho rykkjer opp etablerte sanningar, set hendingar inn i nye kontekstar og presenterer historiske personar som er forunderleg like oss sjølv. Gundersen kjem også tilbake til lesaren med ulike frampeik i ein slags gjentakande rytme som bidreg til at spenninga held fram gjennom 620 sider.
Kime til dissonans
Forfattaren har lukkast godt med å gje liv til ei forteljing om Noreg sett frå denne religiøse vekkinga i bondesamfunnet rundt 1800. Han tek tidvis pusten frå dei som trur dei kjenner Hauge, og manar fram sjokket han sende inn i si eiga samtid, det som blir borte i grunnforteljinga. Iblant litt upresist, men eit meir finmaska bilete ville kan hende skugga for den nye nasjonale forteljinga.
Her er også ein kime til dissonans mellom program og produkt; bitar av grunnforteljinga blir innimellom (heilt nødvendig) anvende som referansar, men iblant kjem dermed Gundersen til å bekrefte den grunnforteljinga han vil til livs. Eit døme på det er at Hauge framleis er «allmugemann», og at han skal ha rømt frå statsmakta då han reiste til København i 1804.
Soga om Hauge og staten er eit viktig korrektiv til grunnforteljinga om lekpredikanten, gründeren og velgjeraren frå Tune, og Haugianerne er derfor ei bok som vil bli ståande som eit referanseverk for ettertida. Fasiten på kva bilete Gundersen endeleg måler av Hans Nielsen Hauge, får vi fyrst når bind II kjem i 2024.
Linda Helén Haukland
Linda Helén Haukland er historikar og sosiolog. Ho har permisjon frå stillinga som førsteamanuensis i samfunnsfag ved Nord universitet og er for tida fylkesråd for plan og næring i Nordland.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Haugianerne er derfor ei bok som vil bli ståande som eit referanseverk for ettertida.
Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.