Ei bok om kjærleikens makt
Det er eit kraftfullt og sterkt diktarisk eg som taler i Byes diktsamling.
Kari Anne Bye.
Foto: Geir Mogen
Kari Anne Bye.
Foto: Geir Mogen
«Kjærleik er det einaste sanne og fullgyldige svar på menneskets livsproblem», seier Erich Fromm i The Art of Loving. For det å elska er verkeleg ei kunst, men kan òg vera vanskeleg og konfliktfylt. Nettopp kjærleikens ambivalens skriv Kari Anne Bye fint fram i den ferske diktsamlinga Eg bur her no, ei omfattande bok som er rik på dyrkjøpte innsikter: «eg kunne kjempe meg fram/ bite deg i leggen til det knasa til eg reiv ut sener/ stable meg på føtene/ slått det vesle sybordet etter farmor di i hovudet på deg/ til blodet rann ut av øyra.» Ganske sterk og valdeleg kost, må ein seia, men same dikt sluttar paradoksalt nok med desse vare tonane: «Vi stryk kvarandre/ kyssar. Eg ser det så klart./ No har vi makt til å såre kvarandre./ Eg er i ditt vald, du i mitt.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.