JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Drøym ei elv

Alela Diane og Bill Callahan held fram med å lage påliteleg solide plater.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å få ei ny plate frå Alela Diane i hendene kjennest litt som å få postkort frå ein gammal ven, meiner Øyvind Vågnes.

Pressefoto

3734
20221014
3734
20221014

Rock

Bill Callahan:

Reality

Drag City

Rock

Alela Diane:

Looking Glass

Playground

Nokre gonger må det til ein siste tur innom for å seie farvel – som i dei første verselinene i «Dream a River», på Alela Dianes ferske album Looking Glass, hennar sjette. Men farvel til kva? Minna gøymer seg bort i krokane i romma, syng Diane, og lyttaren forstår at det er eit hus det dreier seg om – fylt av stemningar og forteljingar som for ei tid var sjølve livet, ei tid som no er over.

Kva tyder det å drøyme ei elv? Kanskje å gi seg over til ei rørsle inn i det som var, som i Dianes biletsterke tekst, som fører lyttaren inn i ein straum av lys og lyd, der vi kan ane konturane av små og store hendingar: Strimer fell gjennom glaset, og øvst i trappa står ei dør open, det er berre å gå inn, ein siste gong.

Kvalitetssterkt

Å få ei ny plate frå Alela Diane (f. 1983) i hendene kjennest litt som å få postkort frå ein gammal ven. Med nokre artistar er det jo slik: Her er eit knippe med nye songar, tankar og stemningar frå ei kjend røyst, og eg set det på med glede og forventning. Eg vil alltid høyre nytt frå Diane, slik eg også vil det frå ein annan plateaktuell trubadur, Bill Callahan (f. 1966). Det er ikkje det at det er noko banebrytande nytt med albuma dei to artistane kjem med i 2022. Tilfellet er heller at dei held fram med sitt – ein kvalitetssterk, vedvarande låtproduksjon – og godt er det.

Callahans utgiving denne hausten, Reality – artist og selskap har gitt tittelen bakvend stavemåte, men det lèt vi vere med her – er påliteleg Callahansk, og ingen vil hoppe i stolen over dusinet med nye songar. Materialet ber framleis preg av at artisten har funne ei slags ro i livet som familiemann, noko som har gitt det han lagar, ein slags varm, undrande glød.

Kven skulle tru at fyren skulle syngje om reinkarnasjon? Men det gjer han, på «Coyotes», på ein måte som ville ha verka smått utenkjeleg første gong eg høyrde han, med Sometimes I Wish We Were an Eagle (2009), på ei tid då fleire av dei intense songane hans var kjenneteikna av ein lakonisk hang til misantropi. Med forteljaren Callahan er ein likevel i gode hender, no som den gong, som når han atter tek oss med til dødsleiet til mor si («Lily»), der lyden av hjula på sjukehussenga liknar måkeskrik. Dei som er redde for at det vert for lite dystert på Reality, treng altså ikkje å frykte for det.

Samarbeidspartnarar

Sjølv om Diane og Callahan er artistar med umiskjenneleg særpreg – ikkje minst på grunn av røystene, men ikkje berre det – så finst det sjølvsagt viktige samarbeidspartnarar som medverkar til å definere det musikalske uttrykket deira. I fleire år har Matt Kinsey spelt elektrisk gitar med Callahan, og han tilfører store mengder friksjon med sitt flerrande gitarspel – høyr til dømes på «Naked Souls» eller «Drainface».

Eg ser ikkje bort frå at Callahan kunne ha høyrst litt sedat ut utan Kinsey ved si side, noko som ikkje minst var tydeleg på eit konsertopptak frå platesjappa til Third Man Records i Nashville som kom ut i 2018, med berre dei to. På delar av Reality er det ganske laust og jazza, som på «Coyotes», og der briljerer Sarah Ann Phillips med sitt lyriske pianospel. Likeins er gjestelista viktig for korleis Dianes album har blitt. Harpespelet til Mikaela Davis på «All The Light», til dømes, er med på å løfte songen, og mellom andre kjende namn som er med på Looking Glass, finst Carl Broemel (My Morning Jacket) og Scott Avett (The Avett Brothers), for å nemne eit par. Postkort frå gamle vener som har fått gamle vener innom, med andre ord – eg ber ikkje om meir.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis