JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dobbelt og einskapleg i same snuen

Kjartan Hatløys nye diktbok er sterkt prega av filosofisk tankegods, men dei kjende motiva er der. Og også desse dikta overraskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjartan Hatløy har skrive fleire diktsamlingar. I 2021 fekk han Doblougprisen for heile forfattarskapen.

Foto: Oddleiv Apneseth

3655
20221014
3655
20221014

Dikt

Kjartan Hatløy:

Vere og døy – døy og vere. Dødslære

Oktober

Kjartan Hatløys fjortande utgjeving skil seg nokså sterkt frå dei førre. Men det er samstundes ei utprega hatløysk diktbok: Dei kjende motiva dukkar opp – sola, svalene, fjorden, men også dei veldige kontrastane mellom kosmos og det vesle. Hatløy har ei evne til å skrive frå overraskande vinklar, anten han som i «Kjøkkendikt» gjer dette kvardagsrommet og livet der til diktarisk utgangspunkt, eller han snur seg frå dikta til å skrive prosalyrisk som i «Den kvite vegen».

Årets samling kan ein, også på grunn av undertittelen «Dødslære», sjå på som ein type filosofiske læredikt. Dette er Hatløys måte å nærme seg døden på, det er ein dødsmanual der han gjennom språket avklarar forholdet til døden, for å seie det litt grovt og enkelt. Det mest slåande er kor forsona tonen er, dikta er ikkje opprørte eller harme, dei er fryktlause, aksepterande, takksame. I den åskodinga som festar seg, står tida, eller augeblikket – no – fram som ein uløyseleg vev av fortid og framtid der døden er vesentleg for korleis denne tida skapar seg, ei poetisk tid som er avgjerande for det menneskelege tilværet. Det lyriske eget har gjennom desse innsiktene som faldar seg ut på dei 120 sidene, slått seg til ro med lagnaden: «Snart min tur i slik situasjon.// Nemleg den at eg er død, men reiser/ vidare framleis.// Eg meiner: Min person har drege seg attende/ men langt vekk./ Den er berre blitt ei slags talemelding/ som endeleg skal nå fram/ til dette som har greie på/ kosmos’ plan.»

Den aksepterande haldninga andsynes døden kjem ikkje av seg sjølv, det er noko som må lærast og øvast på. Om det finst noko opprørande hos Hatløy, må det for lesaren vere fråværet av redsle og frykt i møte med dødsfaktumet, og ein kjenner på undring, kanskje, når ein støyter på liner som dette: «Eg har trena denne kroppen opp/ til det å vilja grava./ Eg har vant den til å like smaken/ av mold, lukta av ein neve ivrige regnmakk// Med litt mold i munnen dreg eg ned og/ inn i materien att, etter stutt besøk.» Det kling kanskje litt rart, for det er som det ligg ein tvang her, men dette peikar også på det nære sambandet som finst mellom alt som er i verda, frå det næraste til det fjerne.

Som læredikt handlar dei om kunnskap og innsikt, og frå første dikt av merkar ein den filosofiske innrettinga til dikta: «Det vesle ordet ‘vere’. Nytta nokre tusen år./ Kva det tyder, kva ein meiner med det.// Det vesle ordet ‘er’.» Det er heller ingen løyndom at dikta er i dialog med den tyske filosofen Martin Heideggers tankar, og slik vil ein finne, uvanleg for dikt, kan hende, mange omgrep i sving, men omgrepa er alltid kopla til ein konkret samanheng. Ein kan difor sjå det som ei vidareføring av den veldige svinginga ein kan finne elles hos Hatløy, mellom det nære og det veldig fjerne: dobbel botn og einskap i same snuen.

Hatløy har skrive modige dikt, som trass i at dei er tenkjande, også glimtar til med det vene og vendinga mot noko uventa, men utan store fakter: «all meining til ein gard, dette å slå gras/ og gje kyrne. Meining: å klappa kyr og stryke halsen men likevel sende til slakt.» Hatløys poetiske rørsler og skrivemåte liknar fuglens: Dikta krinsar over og med orda, omgrepa, døden, dei slår seg ned på ei grein, er på bakken, gjer ei flukt, er høgst oppe, svevar, er borte. Så dukkar dei brått opp att, ein annan stad.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hatløy har skrive modige dikt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis