Den usynlege verdien
Stefan Zweig skreiv gode noveller om det vesentlege i mennesket.
Stefan Zweig (1881–1942).
Foto: Ukjent / Skald
Stefan Zweig (1881–1942).
Foto: Ukjent / Skald
I den svenske filmen Picassos Äventyr rømmer hovudpersonen frå si eiga avretting ved å teikna eit vindauga på murveggen og så klatra ut gjennom dette. Fantasien er ein farkost. Hjå Stefan Zweig kjem dette stundom fram indirekte, ved skildringa av personar som lever i eller har flykta frå eigne parallelle verder, eller som har løynde band til andre. I den første novella i denne utgåva, Sjakknovelle og andre tekstar, møter me ein reisande som ufriviljug får innblikk i, og kanskje vert involvert i, ein betent relasjon. Teksten har restar av det gotiske og romantiske i kulissar, intensitet og sterke utbrot, og samstundes kjenner ein att noko av Dostojevskij i dei destruktive kreftene som vert skildra, men melodramaet får litt vel stor prioritet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.