JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den nasjonalsosialistiske subkulturen

Terje Emberland har skrive ein over­raskande studie med mykje nytt stoff og med ny relevans om åra 1932–1940 i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ungkonservatismen var inspirert av både den italienske fascismen og den tyske nasjonalsosialismen. Fredrelandslagets Ungdom i Noreg tok til seg både uniformer og «heil»-helsing.

Foto via Wikipedia / Dreyers Forlag

5073
20230210
5073
20230210

Sakprosa

Terje Emberland:

Fra gutterommet til Gestapo. En historie om radikalisering

Dreyers 2022

Terje Emberlands nye bok er forvitneleg på mange måtar, især av di ho er litt uhyggjeleg. På underleg vis har boka noko svært aktuelt over seg. Vi ser her eit kulturelt substrat i miljø av ofte ressurssterk ungdom, som elevar i gymnaset, men òg ungdom skadde i oppvoksteren, med ein trong til å gjere seg gjeldande og ta igjen for alle fortredelege opplevingar.

Sigurd Hoel gav i si tid ein analyse gjennom den heltemodige motstandsmannens funderingar over korleis han sjølv hadde vore med på å skape ein nazist og torturist i son sin. Møte ved milepelen (1947) er dels rekna som Sigurd Hoels beste roman, men dels er boka også vorten låtteleggjord, ikkje minst av Georg Johannesen, som bortforklåring av korleis nazistar vart skapte.

Vel, vi har sidan 2011 hatt nye diskusjonar om korleis ein øydelagd barndom og ungdom kunne gjere seg gjeldande i forminga av vår eigen terrorist som utførte dei fælslege handlingane i Oslo og på Utøya.

Underskog av miljø

Nokre av dei Emberland skriv om, er av eit liknande slag. Det interessante er at fleire av dei igjen må seiast å tilhøyre høgre middelklasse, somtid av fallerte fedrar, eller også beint fram overklassen. Studiet av guteklubbane og venskapsringane som lét seg forføre av det vi i den tidlege fasen kanskje kan kalle Hitler-begeistring, sidan klårare nazisme og fascisme, er her opna, og forfattaren oppmodar til at det vert gjort meir arbeid.

Eg kunne tenkt at det ville vore bryet verdt å gjere tilsvarande studiar av småbyane Ålesund, Haugesund og Stavanger fram til krigens dagar. Især ein slik studie frå Stavanger, der det var sterke motsetningar mellom kommunistar og sterkt ytrehøgreorienterte, og der mange vart gestapistar, ville vore interessant – og syrgjeleg.

Det veks fram ein underskog av miljø, spesielt altså i overklassen eller høgre mellomklasse og ikkje i folkelege rørsler. Johan B. Hjort, Hans S. Jakobsen, Dagfinn Gjessing, Albert Wiesener og fleire var av det vi normalt ville rekne som gode, velståande familiar. Vi skjønar her at dei underlege førestillingane hjå mange unge gutar helst var med på å vaksinere store grupper av folket mot nazismen. Forvirra ungdom striddest om ulike finurlege tolkingar av fascismen, dei var for eller mot Quisling, for eller mot Mussolini, for eller mot ulike tyske retningar. Dette var ofte, slik Emberland seier det, «speider-romantisk guttefellesskap ispedd völkisch blod- og jord-mystikk» (s. 324).

Overraskingar

Og vi får oss nokre overraskingar, såleis at vår alles kjære Henki Kolstad som gymnasiast var fascinert av hitlerismen og dertil høyrande tendensar, men heldigvis var han ein dårleg organisator, gruppa han var leiar for, genererte underskot, og han gadd ikkje meir. Så vår kommandør av St. Olavs orden unngjekk, takk og lov, å verte NS-medlem eller, som fleire av dei som vert omskrivne, hamne i Gestapo under krigen.

Igjen, dei ungdommelege romantiske og sett retrospektivt nifse draumane mellom unggutar hadde for så vidt ei positiv rolle: dei galvaniserte og styrkte motstanden mot nazismen i arbeidarrørsla og også i andre folkelege rørsler. Nasjonalsosialismen kunne faktisk ikkje, i motsetnad til ein seigliva myte, trekkje på engasjementet for å utvikle nasjonen og hente opp att nasjonale tradisjonar i folkelege rørsler.

Vi ser av denne boka at dragninga mot det nazistiske og i retning av antisemittisme var langt vanlegare enn vi har vilja tru. Vi ser også at denne utviklinga var liksom det den franske filosofen Deleuze kalla «rhisomatisk vokster», altså som sopptæger under jorda og mosen i skogen, som påverka også store tre og andre vokstrar. Like fullt var desse prosessane prega av mangfaldige stridar mellom ofte ørsmå grupperingar, og dei vart genererte opp fyrst ved freistnader på nasjonale partidanningar. Desse vart så ofte møtte av årvakne debattantar og aksjonistar i sivilsamfunnet elles.

Lærdommar

Likevel, slett ikkje alltid i samtidige media. Vi lærer såleis at fake news, så som utbreiinga av diskusjonar nørte av forfalskingar som Sions vises protokoller, gjerne vart vidareførte av visse medium – sjølv om dei vart avviste i viktige delar av arbeidarrørsla. Dette er lærdommar som er heilt sentrale å vie ettertankar til, høgst aktuelle i vår samtid.

Heile samfunnet vårt krinsar likevel kring informasjon, som er det som driv det meste av arbeidet framover. Så etter lesinga av denne viktige boka treng vi også å tenkje over korleis vi kan overføre erfaringane Emberland har bringa til yta, om korleis dels usynleg pervertering av informasjonen i samfunnet går føre seg i vår eiga samtid. Det kan ikkje ofte nok takast opp att, at vi faktisk kan lære av historia om vår eiga kulturelle og politiske fortid.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis