JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Den menneskelege faktoren

Daniel Lanois har sett frå seg gitaren og plassert seg ved tangentane, men høyrest likevel ut som seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Daniel Lanois i studio.

Daniel Lanois i studio.

Foto: Marthe A. Vannebo

Daniel Lanois i studio.

Daniel Lanois i studio.

Foto: Marthe A. Vannebo

4372
20220923
4372
20220923

Instrumental

Daniel Lanois:

Player, Piano

Modern Recordings / BMG

Det er ikkje rart at Daniel Lanois må tenkje seg godt om kvar gong han får spørsmål om kva for ei av platene han har produsert, som er «karrieredefinerande», noko som skjer med jamne mellomrom. Det er vanskeleg å overvurdere rolla han har spelt som produsent for U2, Emmylou Harris, Peter Gabriel, Neil Young og Bob Dylan, for å nemne nokre. Det ville ikkje vere feil å seie at han har vore med på å definere det musikalske uttrykket på nokre av desse artistane sine viktigaste plateutgivingar. Mindre kjend er den solide rekkja av soloplater signert mannen sjølv, som er ein framifrå låtskrivar og musikar, og i dag er han plateaktuell igjen, med Player, Piano.

Eg vart overraska då eg høyrde at Lanois skulle komme med ei instrumentalplate der pianoet står i sentrum – det har gitaren gjort på tidlegare utgivingar, og då særleg steelgitaren. I ei pressemelding fortel artisten at han ikkje er så glad i måten pianoet høyrest ut på i moderne innspelingar – «eg fann ut at ei pianoplate frå mi side måtte høyrest meir ut som ho var laga på 1940- eller 1950-talet», sa han, «ei tid då pianoet lydde mjukt og vakkert». For å få til dette sytte han for at slaget til hamrane ikkje vart for hardt på dei tre instrumenta han plasserte i studioet sitt då han laga Player, Piano.

Ukomplisert og fint

Det som slo meg då eg først lytta gjennom dei 13 nye melodiane, var at skiftet av hovudinstrument likevel ikkje gjer det vanskeleg å kjenne att Lanois. Fleire stader høyrer ein ekko frå musikken mannen har laga før. «Pueblo» minner denne lyttaren om platene til Harold Budd (1936–2020) og sender tankane til The Pearl (1984), utgivinga Budd laga saman med Lanois og Brian Eno.

Ein låt som «Parade» kunne like gjerne ha figurert på ei av platene Lanois har laga med nett Eno, som Apollo (1983, og i utvida utgåve i 2019), medan orgelspelet på «Lighthouse» og «Twilight» sender tankane til gospelalbumet frå i fjor, Heavy Sun (2021). «Sweet Imagination» kunne ha passa fint på ei plate som Belladonna (2005), og, vel, slik kan ein halde fram. Melodiane er ukompliserte og fine, og stort sett er det lite bruk av perkusjon. (Eit unntak finst i den slakke grooven «Clinch» er utstyrt med.) Lanois er kjend for å bruke ekko i produksjonane sine, eit trekk som er prominent på mesteparten av materialet her, og dei som kan styre seg for nett det, bør halde seg unna Player, Piano.

I all musikk denne musikaren har vore med på å lage, er valet av innspelingsteknologi, instrumentering og utstyr nøye gjennomtenkt, og det finst nok av skriveri om den slags, der du kan høyre om plassering av mikrofonar, bruken av ein AMS DMX 15-80 Harmonizer og så vidare.

Då eg intervjua Lanois før ein konsert i Bergen for ti år sidan, idet dei var i ferd med å rigge til lydsjekk, var han så fiksert på lyden av Brian Blades trommesett at det tok tid å få han til å tenkje på anna. I alle ledd gjer eit kompromisslaust omsyn til det estetiske seg gjeldande, om det så er valet av plateselskapet som gir ut denne nye plata, Modern Recordings, eller produksjonen av utgivinga – for vel ei veke sidan kunne ein sjå Player, Piano verte pressa i vinylfabrikken T-Time i Stavanger i ein liten snutt artisten la ut på sosiale medium.

Atmosfæren

Og likevel kom eg i møtet med desse nye komposisjonane i hug noko Lanois har sagt i fleire intervju, og som han er inne på i den fine boka han skreiv for nokre år sidan, Soul Mining (2010), nemleg at atmosfæren som definerer musikken han lagar, er avhengig av atmosfæren han legg til rette for å skape i rommet der musikken vert til.

Til sist er dette det avgjerande. Dylans Oh Mercy (1989) vart til på nattetid, i eit hus Lanois leigde i New Orleans, medan Willie Nelsons Teatro (1998) vart spelt inn i ein gammal kino i California. Det går gjetord om stundene i romma musikken vart laga i. Det er auget og øyret for det menneskelege møtet gjennom musikken som er det essensielle, ikkje utstyret og teknologien – og det er tilfellet også for Player, Piano, der medprodusent Wayne Lorenz og Lanois saman leitte seg fram til nye klangar i pianoet i studioet til Lanois i Toronto.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis