Den grunnleggjande kunsten
Kunsten å miste er ein roman frå framandslege miljø, men som mange kan kjenne seg att i.
Alice Zeniter har skrive fire romanar som har fått god omtale.
Foto: Astrid de Crollalanza
Alice Zeniter har skrive fire romanar som har fått god omtale.
Foto: Astrid de Crollalanza
33 år gamle Alice Zeniter har alt fire romanar bak seg. Alle har fått litterære prisar og mykje omtale, og Zeniter er alt rekna som ein framståande fransk forfattar. I denne romanen har ho skapt ein nyfiken, men varsamt blyg hovudperson, ein stadfortredar for seg sjølv, nærast: Nalma, tredjegenerasjons algeriar i Frankrike. Nalma lever slett ikkje i armodsdom, slik mange med same bakgrunn gjer, ho er tvert om vellukka gallerist midt i Paris, og ho har eit spennande, travelt liv.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.