JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Bøkene i kjellarane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
AVISBØKER. Redaksjonssekretær Olav Hougen og redaktør Olav Gullvåg i Skien-avisa Norig i 1919. Trykkjaren plukka arka frå Gullvåg etter kvart som dei var fullskrivne, sa Hougen.

Foto: Norsk Allkunnebok / Nynorsk kultursentrum

2662
20230127
2662
20230127

Mellom 1884 og 1940 fekk avislesarane minst 300 utklippsbøker på nynorsk. Både verdslitteratur og norsk kulturhistorie kunne brettast og lagast til eigne bøker.

Johan Visionary var heldig med romanen Kaptein Skugge i 1911. Undertittelen var «Fantastisk forteljing um krigen millom Russland og Norig i 1950». Det heile tok til i Trondheim, som forfattaren visjonært kalla byen lenge før namnestriden kring 1930.

Strid om fiskerettar i nord gjorde at Russland kravde å ha så mange krigsskip som dei ville i Narvik. Frykta var ein invasjon av det som i romanen heitte skjeggete kosakkar. Håpet låg i den mystiske hjelparen kaptein Skugge og i soldatar med elektriske våpen.

Sunnfjordingen Albert Joleik hadde plukka opp Trondheims-fødde Gullvåg til den nye avisa Spegjelen i Trondheim våren 1911. Avisa trong tingarar, men det gjekk sakte. Gullvåg kom til å tenkje på kor stor glede mora Oline hadde hatt av utklippsbøker i si tid. Spegjelen skulle hatt «ein sprakande spanande roman!». Ja, men det kostar peng, sukka redaktøren.

Gullvåg laga pseudonymet Johan Visionary og sette seg til å dikte. Så populær blei krigsromanen at avisa fekk mange fleire tingarar og lesarar. «Joleik dansa og gnika seg i hendene», fortalde Gullvåg, som uventa fekk 250 kroner i honorar frå redaktøren.

Særleg mellom 1850 og 1950 publiserte avisene endelause mengder av føljetongar og utklippsbøker. Desse stod gjerne nedst på sidene, i kjellaren, som pressefolk sa. Boksidene var sette opp slik at lesarane kunne klippe dei ut og lage bøker av dei. Nokre gav avisene også ut som vanlege bøker med same avissatsen.

Ingen bøker var meir flyktige enn utklippsbøker på billig avispapir. Få blei lesne av fleire, iallfall ikkje på nynorsk. Fedraheimen trykte den første utklippsboka i 1884, og til og med 1940 publiserte aviser minst 300 slike bøker på nynorsk. I det same tidsrommet gav Samlaget ut nær 400 bøker.

Den 17de Mai publiserte heile 67 utklippsbøker, og Gula Tidend trykte 42. Avislesarane fekk historiske utgreiingar, litterære debutantar og populære romanar. Dermed kunne både Agatha Christie, Rudyard Kipling, Frederick Marryat og Selma Lagerlöf lesast på nynorsk. «Jag tycker om detta språk», skreiv Lagerlöf til Marta Steinsvik då ho hadde omsett Jerusalem. Nær fire år tok det Gula Tidend å publisere Raskolnikov, og dei siste 112 sidene fekk lesarane aldri.

Olav Gullvåg redigerte fire aviser og skreiv mengder av føljetongar og utklippsbøker under åtte pseudonym. Skal det vere ein kjellar i dag, spurde gjerne setjaren i Skien-avisa Norig. Gullvåg var redaktøren som dikta når det trongst.

Ottar Grepstad

Neste veke: Med salmeboka til hest

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis