Sorgformular
Ingvill Solberg skriv formsikre dikt som opnar seg mot undringa.
Ingvill Solberg har skrive fleire diktsamlingar og biletbøker for born.
Foto: Marius Græsvik
DIKT
Ingvill Solberg:
Sangene og somrene
Gyldendal
Diktboka til Ingvill Solberg, Sangene og somrene, er vigd tapet av ein bror. Det er ikkje den fortvilte og stammande sorga ein møter i dikta, men eit foredla tap på veg mot avklåring: «Jeg holder deg fanget// som en perle under tunga./ Det tar lang tid å skape/ et oratorium, et korallrev.»
Sorg er ein tilstand og ikkje eit kronologisk forlaup, Her finst dikt som påkallar og fastheld broren, som syner korleis sorga veks, set seg i alt, og korleis minna vert silte gjennom ho. Likevel peikar diktboka på ei utvikling: Ho byrjar med dagens omstende, for så å arbeide seg bakover i tid, til minna, og framover, til broren gjekk bort. I den bolken finst rett nok dikt som òg formidlar at sorga er vorten ein naturleg del av eget.
Eleganse
Universet i denne diktboka gir ein ei kjensle av å støyte på noko besettande, elementært og nake. Her finst ein relativ fast og ukomplisert motivkrins som vert supplert og opptrer i nye samanhengar og vinn seg tydingsnyansar: skogen, songen, fuglane, elva.
Det finst også ein frapperande eleganse i dikta, som nesten står i kontrast til det ein vanlegvis tenkjer på som opprivande, kaotisk sorg. Dikta er uhyre formmedvitne. Det er nærliggjande å tenkje på formularet når ein les dei, fordi diktets skjema trer så distinkt fram. På underfundig vis flettar dikta fram eit konsist mønster som dei diskret forskuvar, vrir eller kastar om på.
Gjennom denne mønstringa av orda vert ny og særeiga meining skapt. Kanskje kan dette formale aspektet stå som eit apropos til korleis ein kjem seg ut av og veks på sorga. Opninga finst i sorga sjølv: Dei faste kvernande sorgelementa kan, gjennom ei beskjeden skipling, forbinde seg på nye måtar: «Jeg flytter ut/ av huset mitt/ og inn i skogen.// Jeg flytter ut/ av tankene mine/ og inn i hendene.// Jeg bygger et hus/ der vi kan bo/ i hemmelighet.» (s. 28)
Ingen store fakter
At Solberg ikkje går laus på sorga med store fakter, men tvert om held attende og bringar fram den vesle sorga, er godt gjort. På eitt nivå kan dikta til Solberg nærmast slutte seg om seg sjølv, fullbyrde seg, som om dikta og sorga gjekk restlaust opp. Sjølv om dikta formelt står fram som gjennomførte og fullbyrda, endar dei likefullt i ein uoppløyst rest der spørsmål og ny undring ventar. Og det er òg godt gjort.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At Solberg ikkje går laus på sorga med store fakter, men tvert om held attende og bringar fram den vesle sorga, er godt gjort.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»