Kvinner som brenn
Olga Ravn fortel om trolldomsprosessar på 1600-talet.
Den danske forfattaren Olga Ravn har skrive ein slags litterær true crime om hekseprosessane.
Foto: Sara Galbiati
Roman
Olga Ravn:
Voksbarnet
Omsett av Inger Bråtveit
Samlaget
Den 12. oktober 1617 sende Kristian IV ut ei skjerpande forordning om «trollfolk og deres medvidere». «Trollfolk» vart definerte som menneske «som med diefvelen sin bebudning hafver eller med hannom omgaais», og dei «skal straffes paa deris hals uden ald naade!» I ein periode på om lag hundre år vart om lag 1300 menneske dømde og avretta etter slike skuldingar i Danmark-Noreg.
Vårt eige heimeområde var eit av dei mest brutale i europeisk samanheng. Over 80 prosent av dei som fekk dødsdom, var kvinner, og svært mange av dei vart avretta endå meir grufullt enn «på sin hals», dei vart brende levande.
Den dansk-norske kongen opptrer heilt mot slutten av romanen til Olga Ravn. Den eineveldige makta blir i ei kort scene avkledd og harselert med i ein slags leik, men det hindrar ikkje at han i neste augneblinken utan nåde godkjenner fullbyrdinga av dødsdommen mot Christenze Kruckow, hovudpersonen i Voksbarnet. Kruckow er ein historisk person, ho vart halshogd i 1621.
Snakkande voksbarn
Romanen har altså eit høgst reelt bakteppe. Ravn har likevel laga seg ein forteljar som høyrer til i ei anna verd enn den verkelege, for å fortelje denne underlege soga. Det er nemleg voksbarnet som fortel. Christenze laga voksdokka, først for å hjelpe ei kvinne som opplevde å miste barn etter barn, både før og etter fødsel. I trolldomssamanheng blir funksjonen til dokka likevel diffus – er ho av godt eller vondt slag? Heilt i byrjinga står det nemleg, med dokka sine ord: «Ein har forsynt meg med hår og neglar frå den personen som skal lida».
Her verkar figuren som ein variant av voodoodokka, laga for å påføre andre vondt, slik vi kjenner henne frå andre kulturkrinsar. Christenze er sjølv barnlaus, og dokka er også skildra som eit substitutt, «eit bilete i mangel av eit barn». Ho er med i lomma til frua hennar når ho fer rundt i virket som «klok kone», først på Fyn og sidan i Ålborg.
At forteljarperspektivet har så mystiske og motstridande funksjonar, skal kanskje vise kor lett gode gjerningar kunne bli oppfatta som djevelens verk. I romanuniverset og for lesaren blir dette likevel ein veikskap, særleg i den første delen av boka. Ravns biletrike språk bidrar til dette. Ofte er det vakkert og gir teksten mange lag, men det blir dessverre også tilslørande. Heilskapen, handlinga blir litt for ofte vanskeleg å fatte for lesaren. Det er synd, for historia er råsterk og kjennest viktig også i dag. At Ravn har eit feministisk siktemål med å fortelje denne historia, er også tydeleg.
Annleis kvinner
Tekstbolkane i Voksbarnet vekslar mellom det dokka ser og høyrer, der ho ligg, sit eller blir boren rundt, gøymd i Christenzes skjørt, og magiske formularar som venteleg er henta frå svartebøker og andre autentiske kjelder. Voksbarnet sine persepsjonar og kommentarar strekkjer seg langt ut over den tidsperioden då handlinga skjer, ho gjennomlever (eller «lever») fleire historiske epokar. Dette gir handlinga eit slags æveperspektiv.
Omtrent halvvegs i romanen må Christenze flykte etter at ho og venninnene får folkesnakket mot seg. Kvinna dei forsøkte å hjelpe til å føde levande ungar, blir fylt av hat, og nabosladderet gjer tilværet på Fyn uleveleg. Ei stund lever Christenze i eit nytt kvinnefellesskap i Ålborg, der ho jamvel finn kjærleiken. Menn interesserer henne ikkje. Men dette er altså ei tid då det skulle lite til før kvinner som levde litt annleis, kunne få så grove skuldingar mot seg at det kunne ende med dødsdom. Ofte skjedde prosessane i kjeder, og slik er det også her – ei etter ei blir kvinnene tatt, torturert til dei gir frå seg namn og skuldingar mot andre i nettverket, og til slutt kasta på bålet.
Christenze får ein mildare dom fordi ho er av adeleg byrd, ho blir altså straffa «på sin hals». Ei «frykteleg heks» er reinska bort frå Danmark, som det står nesten til slutt i boka.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.