Katalog over liv og verd
Denne debutanten dyrkar den slåande og småskrudde formuleringa.
DIKT/KORTTEKSTAR
Maren Granrud
Det er ikke synd på meg men jeg syns det
Flamme forlag 2020
Det er ikke synd på meg men jeg syns det er Maren Granruds debutbok. Sjølv om boka ikkje er forsynt med ein sjangermerkelapp, dyrkar forfattaren dei korte og fyndige tekstane som strekkjer seg frå nokre liner til ei side. Fleire tekstar gjer bruk av linedelinga for å skape pausar, late noko henge i lufta eller understreke eit poeng. Tekstane alar fram den innfule, småskrudde og poengterte formuleringa, som: «jeg er altfor ubesluttsom til å ha et navn i bestemt form», og «man trenger ikke være en seriøs person for å ha seriøse problemer».
Dei spenstige utbrota vert likevel ikkje til livsmaksimar hogne i stein. Den førebelse forma, der setningane ikkje vert skilde med punktum og store bokstavar, kombinert med ei utstrekt sjølvkommentering, gjer dei høgst reviderbare.
Eg-forteljaren ein møter i boka, er ei 31 år gamal kvinne som konsumerer psykologar og søkjer å forstå barndomen, kjærleikslivet og identiteten sin. Eigen identitet er ikkje uavhengig av andre, noko internettrøyndomen for lengst dokumenterer. Ein grunnleggjande ambivalens på eigne og andre sine vegner oppstår når eg-forteljaren sjonglerer ei rekkje val i livet utan at ho klarer å bestemme seg.
Montasje
Her finst ingen kronologisk progresjon. Boka står meir fram som eit aggregat, ein montasje, som rører seg i sprang, og som likevel vender attende til nokre faste punkt: til dømes haien, Knut Risan (forteljaren i Tre nøtter til Askepott) og tv-serien The Truman Show. Også Darcie Wilder, som har skrive ein tekst basert på twitterformatet, utgjer eit viktig referansepunkt for eg-personen.
I tekstane finst rike ymt til populærkulturelle uttrykksformer, bruk av slang og minningar av verbale infrastrukturar ein kjenner att frå ulike sosiale medium. Dette har ein stor og sjølvsagt plass som biletreservoar og råstoff for vedkjenningane. Når ein plantar om digitale uttrykksformer til papirboka, og gir dei ei eksistensiell lading, oppstår det spennande og verknadsfulle effektar, noko til dømes ein forfattar som Audun Mortensen har jobba ein del med.
Maren Granrud har skrive ein litterært leikande tekst som evnar å setje det forvirrande moderne livet på dagsordenen. Ved å slynge ut blødmer, absurde betraktningar, anekdotar og aforismeliknande tekstar som balanserer mellom visdomen, naiviteten og dumskapen, vert boka til ein spegel der fortvilinga og latteren går hand i hand.
Sindre Ekrheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Maren Granrud har skrive ein litterært leikande tekst som evnar å setje det forvirrande moderne livet på dagsordenen.
Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.