Blåklokkeklart
Duoen Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid tolkar og lagar standardlåtar.
Kjetil Mulelid og Siril Malmedal Hauge.
Foto: Eirik Havnes
Jazz
Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid:
Blues and Bells
Siril Malmedal Hauge, vokal; Kjetil Mulelid, piano; Henriette Eilertsen, fløyte (5); Hildegunn Øiseth, bukkehorn (3) og trompet (8). Grappa
Samarbeidet mellom dei to musikarane har strekt seg over ti år, men ikkje primært i duoformatet. Det var først i fjor vår at ideen om ei slik plate byrja å materialisera seg, med god fødselshjelp frå det japanske plateselskapet Blue Gleam.
Nytt og gammalt
Repertoaret er tredelt. Fem låtar er det me kan kalla jazzstandardar, tre låtar er henta frå rock- eller pop-universet og tre har dei skrive sjølve. Likevel har repertoaret både tekstlege og musikalske fellestrekk. Kjærleikens vilkår går att som tema, og uttrykket er gjennomgåande prega av melankoli. Unntaket er den dystre og surrealistiske «Cherry-Coloured Funk» av det skotske kultbandet Coctau Twins.
Arrangementa er enkle med lite effektar og berre eit par døme på stemmepålegg. Solistane har ei avgrensa, men effektiv rolle. Øiseths bukkehornkor på Reid/Shamblins «I Can’t Make You Love Me» gjev ei langt sterkare avslutning enn Bonnie Raitts, i den elles så fabelaktige innspelinga hennar frå 1991.
Eviggrøn kvalitet
Siril Malmedal Hauge syng vart og til tider med ein diskret vibrato. Sjølv om pianokompet ved eit par høve er både sterkt og utbrodert, er ho krystallklart til stades.
Det er ikkje mange improviserte parti, men Mulelids kor på «Body and Soul» er eitt av høgdepunkta. Eit anna høgdepunkt er «Blame It on My Youth». Gjennom mellomspelet og dei små endringane i repetisjonen blir tolkinga så truskuldig som tenkjast kan.
Sist, men ikkje minst har dei laga «For You I’ll Do Anything» (musikk: Mulelid/ tekst: Hauge). Dette er ein låt som har eviggrøne kvalitetar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.
Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.
Foto: Ran Yehezkel
Eurovision: Israels deltaking er viktig for pressefridomen
Den frie israelske pressa er under kraftig press.
Bjørgulv Straume (1938–2024).
Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet
Munnharpevirtuosen frå Setesdal
Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Sau
Noko om sauedrift i Noreg og Wales.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.