Både vitalt og solid
Spesielt balladetolkingane varmar på albumet til Georg Reiss kvartett.
Georg Reiss i spranget.
Foto: L-P Lorentzen
Jazz
Georg Reiss kvartett:
You Must Believe in Spring
Georg Reiss, klarinett og altsaksofon (8); David Skinner, piano; Stig Hvalryg, bass; Marcus Lewin, trommer.
MJB
Georg Reiss (66) er ikkje den som slamrar hardast med dørene, men er du over gjennomsnittet interessert i eldre jazz, klezmer og tilgrensande, har du heilt sikkert både høyrt og høyrt om Reiss.
Samarbeidet med Morten Gunnar Larsen i Ophelia Ragtime Orchestra, Magnolia Jazzband, Ytre Suløens Jassensemble og hans eigne band Streif og Georg Reiss kvartett har i periodar gjort han til ein travel frilansmusikar, men kvartetten er ikkje mykje dokumentert, og You Must Believe in Spring er den første utgjevinga med denne besetninga.
Repertoaret er sett saman av sju standardlåtar der tittellåten og Ellingtons «In A Sentimental Mood» er dei mest velbrukte. Skinner har levert den tradisjonelle og raske «Scarier Than Chili», men absolutt best læt bandet i balladen «At Home». Ikkje berre er låten nydeleg, men både Skinner, Reiss og Hvalryg spelar interessante og velformulerte kor. Det er gjennomgåande kor mykje fint dei gjer i balladetempo. Også den einaste Reiss-originalen, «Balans», er ein ballade.
Kvartetten musiserer trygt innanfor ei sving-/mainstream-ramme, men det blir aldri keisamt. Det dukkar stadig vekk opp idear som blir testa ut, og den musikalske samtalen flyt utvunge.
Kvartetten er så til dei grader på heimebane. Reiss, Skinner og Hvalryg deler på solistrolla plata igjennom, men på den raske «Little Girl» får Lewin vist at han ikkje berre er ein utsøkt akkompagnatør. Her er fire musikarar som har det kjekt i lag. Det smittar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Irene Nordli: «Vessel nr 21» (2021)
Alle foto: Mona Louise Dysvik Mørk
Ei haustutstilling med preg av sjekkliste
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Foto: Nordisk Film Production
Koseleg mobbefilm