Arkivet: Weyes Blood
Frå konserten Natalie Mering og Weyes Blood gjorde på NPR.
Foto: NPR
Om ei og ei halv veke, på årets siste januarkveld, kjem Weyes Blood til Rockefeller i Oslo, som er tredje stoppestad på ein turné som byrjar i Europa og held fram i USA heilt til vinter vert til vår. Skal vi døme etter setlistene frå ei konsertrekkje i California eit par veker før jul, vil repertoaret bestå nærast berre av songar frå dei to framifrå siste platene, Titanic Rising (2019) og fjorårets And in the Darkness, Hearts Aglow, og berre unntaksvis løfte fram materiale frå dei tre føregåande albuma.
Meldingane var ganske glødande då Natalie Mering (f. 1988) inntok Los Angeles i mars i fjor, kledd i ein kvit dress midt i eit scenerom dekorert med gatelykter og eit digert missil hengande over seg og bandet. Den ferske plata har ein ganske stor lyd, med ustrekt bruk av orkester, men det er element gjengen på scenen ser ut til å klare seg godt utan.
For dei som måtte ønskje ei aldri så lita oppvarming, kan eg tilrå konserten Weyes Blood gjorde for National Public Radio (NPR) i serien Tiny Desk etter at Titanic Rising kom ut, like før jul i 2019. Der framfører ho tre songar vi truleg får høyre neste veke: «Andromeda», «Wild Time» og til sist den ganske hjarteskjerande «Picture Me Better», som er skriven til minne om ein venn som tok sitt eige liv då Mering laga plata.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.