JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Arkivet: Joey Ramone

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit vegkryss på Manhattan.

Eit vegkryss på Manhattan.

Foto: Øyvind Vågnes

Eit vegkryss på Manhattan.

Eit vegkryss på Manhattan.

Foto: Øyvind Vågnes

1262
20221014
1262
20221014

Det var på veg oppover den langstrakte gata Bowery, søraust på Manhattan, ein dag i sommar, at eg passerte skiltet som fortalde meg at eg no gjekk forbi Joey Ramone Place. Sjølv om destinasjonen var bokhandelen Strand, og eg ville ha så mykje tid der som råd, stoppa eg opp og såg rundt meg, mint som eg vart på at dette var Ramones-land.

Joey Ramone (1951–2001) var frontmann og vokalist i The Ramones, og å merke akkurat dette vegkrysset med eit skilt passar eigentleg godt, for turen er ikkje lang til lokala der CBGB, klubben der rockebandet herja i tidlege år, i si tid heldt til. Joey Ramone budde også i nabolaget ei stund, og omslagsfotografiet på debutalbumet Ramones (1976) vart teke i kvartalet.

Min første impuls er å tenkje at eit slikt skilt er litt snålt – å kalle opp eit område i New York etter ein musikar som så til dei grader var anti-establishment? Men så fann eg ut at det var ein 16 år gammal fan som tok initiativet, for snart tjue år sidan, og samla underskrifter i området rundt, på skikkeleg grasrotvis.

Kvifor ikkje? Midt i vrimmelen vart eg leia tilbake til The Ramones, og når kvelden kom, fekk eg på «Blitzkrieg Pop» (frå nett Ramones). Det var lenge sidan sist. Skiltet hadde tent sin funksjon.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis