Arkivet: Fullmåneprosjektet
Det var i januar Phosphorescent sleppte ei tolking av «Bad News From Home», ein ganske dyster song om svik og fortviling, opphavleg å finne midtvegs på Randy Newmans Land of Dreams (1988). Det var første singel i serien The Full Moon Project, og etterpå har songane komme i tur og orden, kvar månad: «I’m a Mess» (frå Nick Lowes The Convincer, 2001); sjølvaste «Like a Rolling Stone» (frå Bob Dylans Highway 61 Revisited, 1965); tittelsporet på Tom T. Halls Homecoming, 1969; «To Love Somebody», ein av låtane av Barry og Robin Gibb som var med på Nina Simones album med same namn frå 1969; og for eit par veker sidan Vern Gosdins «Any Old Miracle» (frå Nickels and Dimes and Love, 1993).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.