Åndelege sjelevarmarar
Det er sumar i Brasil, og plateselskapet Gop Tun leverer varme, fellesskapsorienterte og dansevenlege tonar.
Elektronisk musikk
Kauan Marco:
Tributo a Carlos Pacini
Gop Tun
Det framifrå brasilianske dansefestarrangør- og plateselskapet som festleg nok ber namnet Gop Tun, spesialiserer seg i «utsøkte omkalfatringar av inspirert musikk», og sidan ytre høgre-rørsla i Brasil følgde Trump-fanatikarane sitt eksempel og storma regjeringsbygg i Brasilia søndag, framstår det som ekstra relevant å løfte fram det varme og vakre i landets samtidige kultur.
Det er sumar i Brasil frå desember til mars (jamfør ekvator) og nyleg blei DJ Giant’s Summer Tools – som namnet hintar om, full av sumarlege danselåtar – sleppt på Bandcamp-sida til plateselskapet. Dessverre ser det ut til at denne utgjevinga berre kjem til å vere tilgjengeleg i ein avgrensa periode, men dette gjeld ikkje den førre utgjevinga, der Kauan Marco hyller og covrar materiale av den myteomspunne brasilianske guruen og musikaren Carlos Pacini.
Pacini var, om ikkje akkurat berømt, svært respektert i musikkmiljøet mot slutten av 1980- og 90-talet. Musikken var ei blanding av lovsong til verdssjela, new age-synthmusikk og oppløftande rytmar. På Tributo a Carlos Pacini gjer produsenten Kauan Marco musikken endå meir dansbar ved å omkalfatre materialet i funk-, disco-, varm balearisk beat- (kalla opp etter sydenferiedestinasjonen Balearane) og housestil, krydra med spretten, presis perkusjon og åndeleg inspirerte messande vokalfrasar.
Carlos Pacini uttala ein gong at naturen er melodisk i seg sjølv, i sann harmoni: «Alt er lyd. Alt er musikk.» Kauan Marcos vri på Pacinis materiale syner truskap til eit slikt verdsbilete med bølgjeskvulp og naturskjønne sjøfuglskrik, varme og djupe grooves, mildt kilande funkgitarriff, fredsæle fløyter og saliggjerande, fellesskapsframkallande vokal.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.