Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.11.2018

Gå til toppen

Toppen

Media som aktor og dommar

| Den 27. april 2018

Media som aktor og dommar

Teikning: May Linn Clement

I saka om sjikanemeldinga som vart sendt til Liv Signe Navarsete, tek pressa over rolla som rettsvesen, men skit i grunnprinsippa. 

Nett då det såg ut som om Senterpartiet trass alt kunne stå att som eit av dei vaksne partia i landet, vart dei råka av slikt griseprat som tek tankane attende til barndomen. Den vulgære meldinga som no står så sentralt i Senterpartiet, vekkjer for meg minne om ei hending på Strand folkeskule på Modum, der eg gjekk då eg var tolv år gamal.

Den eine sida av skulebygningen kvilte på nokre låge mursøyler med ein smal passasje mellom søylene og kjellarmuren. Her inne kom det sjeldan vaksne, for ein måtte huke seg ned for å komme inn, og passasjen vart nytta som alternativt medium. Her stod mykje av det alle visste om det seksuelle livet, men som det ikkje var pent å seie.

Éin gong bringa veggavisa eit nyhende som braut inn i ei større ålmente: «Læraren har pult», hadde nokon skrive med krit på muren. Dette var noko alle visste, eg òg, for «læraren», det var far min, den einaste mannlege læraren og skulestyrar på den todelte skulen. I passasjen var saka sterkt utbrodert og illustrert, ho vart stadig oppdatert og fekk mange lesarar.

Éin dag kom far inn i klasserommet til fyste skuletime med ei bøtte vatn og ein svamp. «Det er komme griseprat på muren nede», sa han i udramatisk toneleie. «Kan dei to som er ordensmenn, berre gå ned og vaska det av?» Ordensmennene tok bøtta og svampen og gjekk ned til arbeidet, medan far tok opp att undervisinga som om ikkje noko var hendt. Grisepraten retta mot skulestyraren kom ikkje attende.

Den store doveggen

Slik kan ein tone ned ei slik sak. I Senterpartiets grisepratsak skjedde det motsette. Saka vart blåst opp. Etter tal frå FN-sambandet er over 250.000 kvinner vortne valdtekne under krigen i Kongo, og av dei er mange fysisk øydelagde for livet. Og her heime driv ein på med svære prosessar om ei Messenger-melding som har henta inspirasjonen sin frå gamle doveggar og hemmelege passasjar. Sansen for proporsjonar synest å vere forsvunnen frå ålmenta. Det er sanneleg lenge sidan verdskrigen.

Det alvorlege i saka ligg nett her: At eit einskilt døme på fornærmande grise- og fylleprat har vorte ei kjempesak som har dominert den norske ålmenta i vekevis. Når den ubehagelege grisepraten, som burde ha vore takla internt, vert overdimensjonert til eit svært brotsverk, som om nokon er vorten gjengvaldteken eller drepen, vert den ukjende gjerningsmannen til ein brutal valdsmann.

Og fordi ein ikkje veit kven han er, berre at han må vere éin av dei ti på hytta, vert alle ti råka. Familiane deira vert råka. Og det er pressa som står for straffa.

Pressa som domstol

Men pressa står ikkje for berre straffa. Dei står for heile moroa. Det er dei som bles overtrampet opp til enorme dimensjonar ved å klistre toskeskapen opp over alle framsider og gjere sine eigne organ til alternative medium for vulgær tale. Når dei «tek saka» på dette viset og gjer henne til ei stor kriminalsak, då køyrer pressa saka som rettssak. I praksis forlèt pressa då rolla som maktkritikar eller «fjerde statsmakt», og tek i staden over rolla til den tredje statsmakta, rettsvesenet.

Brått fungerer pressa som påklagar og etterforskar, det vil seie politimakt. Pressa leier etterforskinga, i fullt påsyn for publikum. Pressa vel ut alle dei mistenkte og limer portretta deira opp på veggen, også det i full offentlegheit.

Men dermed har dei òg teke på seg rollene som dommar og straffevesen. Straffa er svekt omdøme, kanskje òg øydelagd karriere og økonomi. Og denne straffa vert tilmålt og utførd i og med mistanken. Idet pressa klistrar opp namn og bilete av alle kom kan ha sendt den stygge meldinga, vert alle dømde og straffa berre på grunnlag av at dei kan ha gjort noko.

Rettsprinsippa

Det vil seie at pressa tek over rolla som rettsvesen, medan dei skit i grunnprinsippa til rettsvesenet. Der ein mogeleg gjerningsmann elles vert sett på som uskuldig til det motsette er prova, vert han no dømd og straffa berre fordi han kunne ha gjort noko.

Det er ikkje slik rettsvesenet skal fungere. Om ei uoppklart kriminalsak har ti mistenkte, sender ikkje påtalemakta ut namnet på og bilete av ti mogelege gjerningsmenn for å informere publikum om kven som kan ha utført brotsverket.

Om no saka aldri vert oppklara, vil alle ti og familiane deira ha fått straffa si for noko som kanskje berre éin av dei har gjort. Berre totalitære regime straffar på dette viset. Ja, og så den liberale pressa, då, som skipar til folkefest med gatejustis og offentlege avrettingar av tilfeldige dømde.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa