Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 25.06.2018

Gå til toppen

Toppen

Leve Charlie Hebdo

| Den 9. januar 2015

Åtaket i Paris mot satirebladet Charlie Hebdo er grotesk. Men var det uventa? Omfanget og råskapen var det. Den kaldblodige massakren med automatvåpen av ein heil redaksjon hadde få sett for seg.

Men terroren i seg sjølv var ikkje uventa. Vi har frykta dette. Og venta på det. Både direkte åtak mot utvalde mål – som satirebladet Charlie Hebdo – men like mykje terroraksjonar mot vilkårlege mål og uskuldige per-sonar.

For her har vi å gjera med ein fanatisme som ikkje skyr noko. Vi kjenner han frå 11. september i USA – og frå undergrunnen i London. Frå Amsterdam og drapet på filmskaparen Theo van Gogh – til sprenginga av tilfeldige passasjerar på pendlartoga i Madrid.

Ikkje berre landa i Midtausten, men heile verda er utsette for denne fanatiske islamismen. Frå Khomeinis fatwaer, Taliban og al-Qaidas terror, Boko Harams råskap og einslege, forstyrra fanatikarars galskap.

Og no det siste året, IS, som har makta å gje det heile ei ny omdreining og gjeve terroren eit endå større potensial. Dette er noko våre framtidige generasjonar skal måtte slita med i tiår framover.

Og vi skal ta trugsmålet på alvor. Noreg er like utsett som Paris, London og Madrid. Men vi må samstundes ignorera dei. Dei skal ikkje få øydeleggja noko av det heroiske med Europa – det opne samfunnet, demokratiet, trykkjefridomen.

Samstundes har vi medkjensle med våre muslimar i Europa som har fått religionen sin valdteken av fanatikarar. Terroristane skal ikkje få oss til å tru at dette er ein kamp mellom muslimar og Vesten. Det er ein kamp mellom demokratar og terroristar.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa