Kan ikkje la oss skremme
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Putins tale onsdag var surrealistisk og knapt til å tru. Det er Vesten som er angriparen, og Russland driv visst berre sjølvforsvar.
Og oppe i alt det surrealistiske og løgnaktige truga Putin med atomvåpen. Dei russiske atomvåpena har heilt sidan invasjonen vore der som eit alvorleg bakteppe. Likevel vert alvoret mykje sterkare når Putin var så tydeleg som han var i talen.
Kva skal ein så tru? Kva skal vi gjera? Ta han på alvor? Slutta å støtta Ukraina med våpen og be om godt vêr? La han ta over alle områda aust for elva Dnipro, det vil seie halve Ukraina?
Det er sjølvsagt uakseptabelt. Vi er nøydde til å halda fram med å støtta Ukraina med våpen, pengar og tydeleg og konsistent tale. Noreg, EU og Nato kan ikkje la seg truga av Putin, slik han prøver på.
Dessutan er ein offensiv bruk av atomvåpen meiningslaus og øydeleggjande også for Russland. Bruk av atomvåpen kan sjølvsagt ikkje avgrensast til taktiske åtak i Ukraina og vil såleis vera kontraproduktivt.
Men vi må likevel ta trugsmåla frå Putin på alvor og ta inn over oss kva slag regime vi står andsynes. Særleg no når vi er over i ein nye fase i krigen, der Russland har store problem og er på defensiven. Vi må difor heile tida tilby fredsforhandlingar og gje Putin og Russland ein eller annan utveg.
Men kva denne utvegen skal vera, vert stadig vanskelegare å sjå for seg. Det talen endå tydelegare enn tidlegare syner, er at Putin og regimet hans aldri kjem til å gje seg. Dei skal iallfall sitja att med områda heilt aust i landet. Samstundes kan eller vil ikkje Ukraina, etter alle offera og den heroiske innsatsen, avstå landområde.
Så lenge Putin sit med makta, vil krigen verta langvarig.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.