Det siste ynsket
Om mangt anna er uvisst, er éi sak klar: Vi skal alle døy.
I generasjonar har det vore få eller ingen diskusjonar i Noreg om kva ritual som skal brukast etter eit dødsfall. Men i takt med at mange ikkje lenger trur på ein gud eller vil vere medlem av eit trus- eller livsynssamfunn, kjem òg ynsket om andre seremoniar enn den tradisjonelle religiøse båre- eller gravferda.
Utfordringa for mange av dei som ynskjer ein personleg seremoni, er at det ikkje finst passande lokale i nærmiljøet. Ofte endar familien likevel med å nytte kyrkja fordi det er upraktisk og ekstra arbeid knytt til å ha seremonien i eit grendehus, rådhus eller ein gymsal. Når unge menneske døyr, er det òg snakk om å ha stor nok kapasitet til å ta imot alle sørgjande. Det har som regel kyrkja.
I 2014 løyvde Kulturdepartementet ti millionar kroner til livssynsnøytrale seremonirom. Mesteparten av midlane gjekk til fem fylkeskommunar som var med i ei prøveordning for å leggje til rette for nøytrale seremonirom. Året etter valde regjeringa å droppe ei vidare stønadsordning. Grunngjevinga var at trus- og livssynssamfunn sjølve må betale for seremonilokala sine.
Å sjå føre seg livssynsnøytrale seremonirom i alle kommunar er kan hende urealistisk. Likevel bør alle byar kunne tilby det. Ein måte å løyse det på er å tenkje nytt når ein pussar opp eller byggjer nye krematorium.
Salten krematorium i Bodø er eit døme på det. Seremonirommet som er knytt til krematoriet, er religionsnøytralt med kvite vegger og glaskunst som blikkfang. Anten det er dåp, bryllaup eller båreferd som går føre seg, vert symbol som høyrer til trus- og livssynet vedkomande soknar til, sette fram. Utfordringa der, som så mange andre stader, er at det berre er plass til 125 personar.
Så lenge styresmaktene er med på å finansiere
kyrkjebygningar, bør det òg finnast midlar til livssynsnøytrale seremonirom.
Tiril Rem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.