Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 15.06.2018

Gå til toppen

Toppen

Kvifor irriterer me oss over skrivefeil?

| Den 1. juni 2018

Kvifor irriterer me oss over skrivefeil?

Foto: Berit Keilen / NTB scanpix

Skrivefeil er som linselus. Dei stikk seg fram, dreg merksemd til seg og øydelegg det eigenlege motivet: teksta og tankeinnhaldet i henne. Det er forbaska irriterande. Men kven er det som irriterer seg over skrivefeil? Gjer me det alle saman?
Det finst folk som ikkje irriterer seg over skrivefeil, eller som greier å ignorera feila og samla seg om dei andre sidene ved ei tekst. Slike folk passar godt som redaktørar. Dei kan få inn eit manus med mange skrivefeil og likevel tenkja: «Dette er ei god tekst! Dette er ein god forfattar!» Skrivefeila er ikkje noko problem: Dei blir retta opp i språkvasken og korrekturen – med mindre feila er tilsikta og nytta som litterært verkemiddel.

Det heiter ikkje det
Me andre vert frustrerte eller får vondt inni oss når me ser ord som er stava feil, uttrykk som er nytta på galen måte og so bortetter. Sjå berre på internett. Der finst det diskusjonsforum, og alle diskusjonsforum med respekt for seg sjølv har ein eller fleire trådar som handlar om språk. Den lengste språktråden dreiar seg nesten alltid om irriterande skrivefeil. På Kvinneguiden finn me diskusjonstrådar som «DET HETER IKKE DET!», «Er rettskriving virkelig så vanskelig?» og «Hvilke skrivefeil hater du mest?». På diskusjon.no finn me tråden «Klagemuren – ergrelse over grammatiske skrivefeil».
Kronikkar og avisinnlegg om skrivefeil plar òg få stor merksemd. I 2014 skreiv Sanna Sarromaa ein kronikk i VG der ho hevda at det står dårleg til med rettskrivingskunnskapane her i landet. Kronikken vart delt over 16.000 gonger i sosiale medium, og i kommentarfeltet er det over 300 innlegg. Eit av dei går slik: «[Jeg møter] på dårlig språk hele tiden. […] Jeg tar alltid utgangspunkt i at dette er mindre intelligente mennesker jeg kan ta med en klype salt uansett hva de snakker/skriver om.»
Kva er det som går føre seg her? Jau, me er vitne til ein finurleg prosess der ein del av eit menneske får representera heile mennesket. Evna til å skriva rett får stå som representant for alle evnene til personen. Dersom folk ikkje greier å skriva skikkeleg, er det lett å tenkja at dei ikkje greier so mykje anna heller. Sameleis er det lett å tenkja at folk som slurvar med rettskrivinga, slurvar med andre ting òg – særleg dersom me ikkje kjenner dei personleg og berre har skrifta deira å halda oss til.

Umogne skrivarar
Sjølvsagt er det ein aldersdimensjon her. Når barn skriv feil, vert det gjerne oppfatta som sjarmerande og søtt, eller i alle fall akseptabelt. Når vaksne skriv feil, er det mindre godvilje å spora.
I eit kommentarfelt på vg.no fann eg denne kommentaren: «Det er helt klart at avisene har alt for lave krav til dem som jobber der. Er halvparten fjortiser? Når de ikke vet når det skal brukes de eller dem burde de gå ferdig ungdomsskolen før de blir journalister.» Bodskapen her er at skilnaden mellom de og dem er grunnskulepensum. Med andre ord: Vaksne folk bør kunna denne regelen. Vaksne folk som lever av å skriva, bør i alle fall kunna han, elles kan dei takast for å vera fjortisar – og kva slags truverd har ein fjortis? Den som vil verta oppfatta som seriøs, kunnskapsrik og påliteleg, må skriva rett. Det gjeld både einskildpersonar og verksemder.

Strevet med skrifta
Problemet er at det ikkje er lett å skriva rett. Det er vanskeleg og tidkrevjande. Ein kommentarfeltskribent seier det slik: «Det er en skam å ødelegge rettskrivingen som vi tross alt har strevet med gjennom lekser og skolegang gjennom en år-rekke.»
Me strevar mykje meir med skriftspråket enn med talespråket. Dei fleste av oss lærer å prata heilt av oss sjølve, utan instruks og utan problem, fordi den unge menneskehjernen mestsom er programmert til å læra talespråk. Diverre syg han ikkje til seg skriftspråk på same måte. Me må trykkja skriftnormene inn i skallen og hendene, lesa og skriva i timar, dagar, år.
Nynorskbrukarar har ofte fleire skrivefeil enn bokmålsbrukarar, og grunnen er at nynorskbrukarar møter språket sitt altfor sjeldan. Problemet er soleis ikkje at nynorsk er vanskeleg, men at det meste er vanskeleg utan mengdetrening.
Er det til dømes rett å skriva studerar? (Nei, dei siste åtti åra har studerer vore eineform.) Skal det vera bilete eller bilde? (Båe delar er lov.) Er det rett å skriva at eg haldt meg fast? (Nei, det korrekte er heldt.)

Ukorrekt korreksjon
Me språkbrukarar har ulike meiningar om rettskrivingsnormalane. Me har ulike kunnskapar om dei òg. Det finst folk som irriterer seg over former som strengt teke er korrekte. I eit diskusjonsforum såg eg ein som hevda at skriftforma åssen var ein grov feil. Men forma åssen har vore lovleg i bokmål sidan 1938. Åssen er korrekt, seier rettskrivingsreglane.
Det viktige i denne samanhengen er likevel ikkje kva som er korrekt, men at noko er korrekt. So lenge me har reglar for rett og gale, og so lenge kulturen fortel oss at det er viktig å meistra reglane, kjem språkbrukarane til å vera opptekne av kva som er rett og gale. Og for den som har bruka tid og krefter på å læra seg reglane, kan det vera provoserande å sjå at andre folk ikkje gidd å leggja ned den same innsatsen. Det er harmeleg at dei ikkje bryr seg, at dei ikkje skjønar kor viktig dette er.

Innlært irritasjon
So er spørsmålet: Kva slags feil irriterer me oss over? I nokon mon er det individuelt. Me har alle våre kjepphestar. Det kan likevel sjå ut til at dei «vanlege skrivefeila» vert hata mest. Då siktar eg mellom anna til særskriving (kjempe glad, skrive bord) og samanblanding av og/å og då/når. Me får ofte høyra at desse tinga er feil, og etter kvart dreg me på oss noko som vert kalla innlært irritasjon: Me vert irriterte over slike feil fordi me har lært at det er rimeleg å irritera seg over slike feil.
Det er vanskeleg å sjå at denne irritasjonen har nokon funksjon, bortsett frå at han disiplinerer oss språkbrukarar og lærer oss å vurdera kvarandre ut frå måten me skriv på. At eit standardspråk har bruk for skriftnormer, er dei fleste samde om. Men treng me irritasjonen i tillegg?

Ein lengre versjon av denne teksta vart halden som føredrag på litteraturfestivalen på Lillehammer 31. mai 2018.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa