Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Kvaliteten må bergast, ikkje definerast

| Den 10. mars 2017

Kvaliteten må bergast, ikkje definerast

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Mediemangfaldsutvalet går utanom halve problemet: det som handlar om kvalitet. 

KOMMENTAR

Jostein Gripsrud

jostein.gripsrud@uib.no

Mediemangfaldsutvalet blei oppnemnt i september 2015. Sven Egil Omdal kalla det straks «Støtteforeningen for syke mødre» og hevda at det «ligner deprimerende mye på et arveoppgjør. Det eneste som er godt representert, er misunnelsen».

Utvalet var stort sett samansett av leiarar frå bransjen ein skulle greie ut støtteordningar for. Dét bukk-til-havresekk-prinsippet kan knapt overførast til andre bransjar og felt. Nokre vil meine at ein her finn forklaringa på at utvalet ikkje kjem med framlegg om innsparingar, men tvert om går inn for å plusse på omkring 800 millionar skattekroner. Samansetjinga har nok også sitt å seie for korleis utvalet diskuterer nøkkelomgrep som «samfunnsnyttig» og «kvalitet».

Demokratiet

Men om ein aksepterer den skildringa av stoda på feltet som låg i mandatet utvalet har arbeidd ut frå, og som utvalet sjølv har utpensla i til dels stor detaljrikdom, er ikkje talet på innsparte eller ekstra kroner eigentleg så viktig. Spørsmåla utvalet skulle svare på, kan i kortform gjerne formulerast slik: Korleis kan vi redde demokratiet slik vi kjenner det, og kva vil det koste?

Alt prinsipielt kultur- og mediepolitisk arbeid i Noreg har nemleg sidan tusenårsskiftet hatt grunnlag i utgreiinga av ytrings- og informasjonsfridomen som Francis Sejersted og utvalet hans laga. Det enda i 1999 med ei vellukka nyformulering av paragraf 100 i Grunnloven, endeleg vedteken i 2004. Her blei eigentleg eitt av fleire mogelege syn på demokratiet spikra fast: eit normativt syn som seier at det offentlege ordskiftet i ei «open» og «opplyst» ålmente er ein avgjerande viktig del av det. Og staten blir gitt ansvaret for at dette idealet er realisert.

Utvalet viser til den viktigaste teoretikaren på området «ålmenta og rolla ho spelar i demokratiet», Jürgen Habermas. I Süd-Deutsche Zeitung kommenterte han i mai 2007 spørsmålet om subsidiering av privateigde medium. Han vedgjekk at det var noko kontraintuitivt i det å skulle gripe inn overfor marknadskreftene i mediefeltet, ettersom det historisk nettopp var marknaden som skapte den kritiske pressa som kjenneteiknar demokratiske samfunn, lausriven frå og kritisk overfor staten.

Men på den andre sida, sa Habermas, er det også slik at marknadens økonomiske krefter kan kome til å øydelegge det samfunnsmessig verdfulle dei sjølv skapte: kritisk, solid informasjon til publikum. Om marknaden fører til tap av denne kvaliteten, er det snakk om det ein kallar marknadssvikt. Ein må «observere utviklinga på mistenksamt vis» og hugse at «ein marknadssvikt i denne sektoren har ikkje noko demokrati råd til».

Mangfald utan grenser

Mediesystemet er no prega av ei krise skapt av alle digitaliseringas trugsmål mot gamle forretningsmodellar. Oppgåva er å gjere systemet meir robust, betre tilpassa nye vilkår. Men alt i mandatet for utvalet merker ein at «mediemangfald» knapt er det største problemet: «Digitaliseringen av mediene har bl.a. ledet til at publikums tilgang til informasjon og ulike medier er større enn noen gang», heiter det der. «Publikum har større muligheter enn noen gang til å velge hvordan, hvor og når de vil ta i bruk ulike medier», blir det også sagt, om nokon skulle vere i tvil. Dette er i tråd med den erfaringa kvar og ein med smart mobiltelefon, nettbrett eller andre typar datamaskin har gjort: Her er mangfaldet så å seie utan grenser; alle tenkelege og utenkelege posisjonar i politikk, kultur og samfunnsliv er representerte.

Det største problemet er, med eit visst unntak som eg snart kjem til, ikkje mangfaldet, det er kvaliteten. Ålmenta er som heilskap utan tvil «open», spørsmålet er om ho er «opplyst». Utvalet snakkar då også heile tida om «kvalitetsjournalistikk» og «samfunnsviktig journalistikk» og lar oss slik forstå at det også finst journalistikk som verken er samfunnsviktig eller av kvalitet.

Trugsmålet

Spørsmålet om diversitet er via eit eige kapittel, det tredje i utgreiinga. Det er velskrive og informativt og skil i tråd med aktuell medievitskapleg tenking på feltet mellom avsendar-, innhalds- og bruksmangfald. Det første handlar om mangfald på eigarsida, det andre om eit mangfald av sjangrar og idéar, det tredje om i kor stor grad publikum faktisk gjer bruk av og slik realiserer mangfaldet dei står overfor.

Her ligg det eine reelle trugsmålet mot mangfaldet: At mediebrukarane sine frie val ender med at dei meir eller mindre isolerer seg frå kvarandre i mediemiljø der bodskapen og perspektiva i hovudsak er dei same frå alle kantar. Ekkokammer, kallast det. Gjer brukarane dette på kvar sin kant av meiningsspekteret, får ein ei ålmente som er sterkt polarisert, utan reell, «sanningssøkande» dialog på tvers. Nettet gjer dette til eit tenkjeleg scenario.

Men for det første er det over eit halvt hundreår sidan Paul Lazarsfeld og Elihu Katz viste at folk bur i nabolag og har familiar og vener som dei faktisk snakkar med, og at den einskilde følgeleg ikkje er heilt utlevert til kva media fortel om verda. For det andre er det i Norge gjort empirisk forsking ved Institutt for samfunnsforsking som konkluderer med at «ekkokammer» knapt finst her i landet.

Problemet er med andre ord igjen kvaliteten meir enn mangfaldet. Og gjer ein som dette utvalet, og ser det reelle «bruksmangfaldet» som det avgjerande, må tilsvarande «brukskvaliteten» vere avgjerande her. Med andre ord: Korleis skal staten bidra til at alle brukarane, heile publikum, faktisk får del i det kvalitativt beste av journalistisk og annan viktig, kunnskapsbasert informasjon som mediesystemet har å by på?

Det overordna

Utvalet formulerer i kapittel 3, på side 23, eit overordna mål: «Med sikte på å fremme en felles, åpen og opplyst offentlig samtale, bør staten legge til rette for at alle borgere kan bruke et mangfold av uavhengige nyhets- og aktualitetsmedier.» Ein seier så det er viktig å inkludere brukarar på tvers av sosioøkonomiske skilje, at målet føreset avsendar- og særleg innhaldsmangfald, at det er plattformsnøytralt og at det peiker mot det viktige i tiltak som skal motvirke fragmentering og polarisering.

Alt dette er vel og bra. Men definisjonen av «kvalitet» og «samfunnsnytte» manglar, trass i at dei altså er nøkkelomgrep både i mandatet og i utgreiinga. På side 24 blir det direkte sagt at «kvalitet» – det som svarar til «opplyst» i paragraf 100 – ikkje er tatt med i målformuleringa «fordi det ikke bør være myndighetenes oppgave å avgjøre hva som utgjør kvalitet, men at dette i stedet bør overlates til den enkelte redaktør, og publikums eksplisitte vurderinger av innholdet og mer implisitte kvalitetsvurderinger gjennom faktisk bruk».

Folk som er vel kjende med til dømes Pressas faglege utval, snakkar altså som om «myndighetene», staten, var einaste tenkelege plassering av ei slik oppgåve. Alt som kjem ut av journalistikk frå «uavhengige» medium som har ein redaktør og som i prinsippet tar Ver Varsam-plakaten alvorleg, er etter utvalet si meining å rekne som kvalitetsjournalistikk.

Det er ikkje sikkert at alle brukarar vil vere samde med dette avsendarsynspunktet.

Jostein Gripsrud er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.

knapp knapp