JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Wasabi

Snobbejuks, kallar vi slikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her ser du ein japansk wasabiåker, og det er truleg det næraste du kjem ekte wasabi på ei stund.

Foto: Pxhere-com

4131
20230303
4131
20230303

Her kjem ei bitte lita påminning: 1. februar var ikkje berre dagen då matvareprisane var spådde å gå i vêret– det var òg dagen då hundrevis av nye produkt fekk ha sin fyrste dag i daglegvarehyllene. Sjølvsagt kjem det nye produkt elles i året òg – ikkje minst påskeprodukt til påske og juleprodukt til jul, men 1. februar og 1. september er dei store lanseringsdatoane, og årets februar skuffar ikkje: Berre hjå Meny er det, ifylgje dei sjølve, kome inn over 500 nye varer.

Mellom anna har Freia plukka opp eit gamalt merkenamn frå Nestlé og laga Sjokonøtt – eit produkt som liknar temmeleg mykje på Nugatti, men kostar nesten det dobbelte (131 mot 70 kroner per kilo). Skulle du i staden ynskje å bruke dei ekstra kronene på Orkla-eigde Nugatti sjølv, kan du i staden for den vanlege boksen no kjøpe Nugattisaus til over dobbel kilopris (149 per kilo). Skilnaden er, så vidt eg kan sjå, at solsikkeoljen i boksen er bytta ut med soya- og sheaolje i flaska – dette gjev litt mjukare konsistens, slik at sjokoladepålegget kan klemmast ut i staden for å smørjast på.

Søtsaker og snacks dominerer fullstendig oversikta over nye varer frå Meny for 2023. Her er Yummi Gummi vingummi, Mumsi sjokolade, Freia Melkesjokolade med riskrisp og karamell, Maarud Håndverkschips med biff og pepar og lauk – ja, du skjønar teikninga. Likevel er det noko heilt anna som er plukka ut som dagens hovudtema: tre nye produkt som gjer narr av råvara wasabi.

Meir enn berre sushi

Wasabi er ei plante i korsblomefamilien – altså i slekt med kål, sennep, raps og peparrot. Det er ei rot vi vanlegvis brukar i matlaging – ho er eirgrøn og sterk, sterk litt på same måte som peparrot, men meir intens.

Vi har vorte kjende med wasabi gjennom sushi, der den grøne klatten på tallerkenen eller take away-brettet gjev stor glede om han blir fortært med varsemd. To av produkta Meny no har fått inn, høyrer òg heime i sushiverda: Oppdrettslaksprodusenten Frøya har nærast spesialisert seg på laks med sushikvalitet, og då er det vel ikkje så rart at dei etter kvart ynskjer å ta kontrollen over tilbehøret. Produkta dei no lanserer, er ein Wasabi Soy Sauce og ein Wasabi Mayo.

EMV-merket Eldorado tek derimot wasabien ut av sushiverda og opp i ein majonesbasert påleggssalat: Crabstick Wasabisalat er lansert som ein «limited edition», og det kan kanskje vere like greitt.

Mindre ekte vare

Éin ting er at crabstick ikkje har noko med krabbe å gjere. Det veit vi etter kvart, sjølv om det framleis ikkje er greitt å produsere fiskeprodukt i fiskelandet Noreg basert på fiskeråvarer henta frå andre sida av jordkloden (crabsticken i salaten er laga på alaska pollock frå Stillehavet). Men veit vi eigentleg kva Eldorado – og Frøya – meiner når dei brukar ordet wasabi?

Vi har alt slått fast kva wasabi er – ei grønsak, ei råvare. Men produktet wasabi som er spesifisert på alle desse tre innhaldslistene, er nettopp det – eit produkt, ikkje ei råvare. For å lage wasabi brukar både Eldorado og Frøya aller mest peparrot, så litt modifisert stivelse – og så endå mindre av det dei kallar «wasabia japonica» – som heilt riktig er det latinske namnet på wasabi. Frøya nyttar òg sennep i blandinga.

Kanskje kjem latinen frå ein ekstra trong for å stadfeste at den vesle mengda wasabi dei faktisk brukar, faktisk er ekte. Det kan eg i så fall forstå, for den mengda er forsvinnande lita. I crabsticksalaten er det 0,8 prosent av det produsenten meiner er wasabi, noko som vil seie at den reelle mengda av det naturen meiner er wasabi, truleg nærmar seg homeopatisk storleik.

Dette inneber sjølvsagt at wasabi set lite eller inkje preg på smaksbiletet i salaten. Kanskje er wasabiinnhaldet oppe på promillenivå i Frøya-produkta, men kva som smakar wasabi eller ikkje, veit diverre dei fleste nordmenn lite om. Jukset er nemleg så utbreitt at ekte wasabi er vanskeleg å finne.

Om wasabi er for dyrt for oss, så får vel det vere heilt greitt. Men kvifor prøve å selje oss wasabi, når det vi får, er peparrot – ei råvare det ikkje er nokon som helst grunn til å skamme seg over? Dette luktar sterkt – av matsnobberi.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis