JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Utmarka

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hest med måssålass i Blæsterdalen.

Hest med måssålass i Blæsterdalen.

Foto: Anno Musea i Nord-Østerdalen / Digitalt Museum

3709
20220902
3709
20220902

Dei fleste norsk gardane er små. Storgardar i europeisk forstand finst ikkje her i landet, og storgardar i norsk forstand finst einast i nokre såkalla flatbygder.

Difor har det alltid vore eit mål for norske bønder å nytte utmarka, å gjere garden større, å samle den energien fotosyntesen har skapt og lagt att der naturen rår åleine, utan hjelp frå jorddyrkande menneske.

Seterbruket er klassikaren her. Ved å føre buskapen til fjells, til seters, kunne ein spare heimejorda til menneskemat og vinterfôr. Setra fylte opp matfatet på heimegarden.

Kor gammalt seterbruket er, veit vi ikkje. Den tyske historikaren Adam frå Bremen, som skreiv om Skandinavia kring 1050, fortel at nordmennene førte buskapen sin ut i øydemarka om sommaren. Det er nok seterbruket han omtalar på denne måten.

I min barndom førte vi sauene til fjells om sommaren. Dei var borte eit par månader og kom feite og fine heim att, velfylte av bunden og oppsamla solenergi. I tillegg tolte parasittane dårleg at vertsdyra var borte eit par månader. Føringa til fjells gav friske dyr.

I ein del norske fjellområde, som i østerdalstraktene, finst det rikelege mengder reinlav, såkalla måsså. Egil Simensen og Bjørn Brænd skriv om dette dyrefôret, om samling og transport, i boka Hest i Nord-Østerdalen.

Det var store fôrmengder som vart førte frå utmarka til garden nede i dalen, til vinterfôr for buskapen. Utmarka gav, både sommar og vinter.

Ei gammal kone i Dalsbygda talde 600 hestelass med høy, måsså og ved som passerte henne i dagslys på ei veke. I nattemørket kunne ho ikkje telje. I Vingelen vart eit opplasta hestefølgje rekna til 90 hestar.

Måsså var viktig i kufôret. Fire måssålass var eit høveleg vinterfôr. I Kvikne vart det i 1657 registrert 843 vinterfødde kyr. Til dei gjekk det då med 3370 lass måsså. Ein tur til fjells etter måsså tok heile dagen. Då snøen låg, gjorde dei tretti turar dagleg til fjells frå Kvikne for å hente måsså og seterhøy.

Avstanden frå måssåen til bygda kunne vere lang. Frå Telneset til setra var det 25 kilometer. Dei starta heimanfrå klokka eitt om natta. 14 timar seinare var dei heime med måssålasset.

Denne hestetransporten var ikkje risikofri. Rovdyra rådde i utmarka. På 1500-talet var det mykje ulv. På 1600-talet vart ulven råka av sjukdom, før ulvestamma tok seg opp på 1700-talet og vart ei plage for folk, fortel Simensen og Brænd. Kring 1750 var stamma størst, før ny sjukdom reduserte henne på nytt.

Hestane var for store for ulven. Så han tok føla, så mange at det var ei plage. Ei råd var å plassere ut ein hingst der merrane og føla beita. Han var stor og sterk og heldt ulvane unna. Mot bjørnen var også hingsten fortapt og drog det kortaste strået, skriv forfattarane.

Når ein hestekaravane skulle til og frå fjellet, med måsså, høy, ved, kol eller malm, sette dei først i karavanen ein hest som hadde hatt med ulv å gjere før, og som då ikkje fekk panikk om ulven dukka opp. Hesten, gjerne ein hingst, hadde ulverutine.

I 1845 kom Lov om Udryddelse af Rovdyr og Fredning af andet Vildt. Eit halvt hundreår seinare var ulven så godt som borte frå norsk utmark.

Siste tiåra har kampen om norsk utmark, denne viktige historiske ressursen for norske bygder, hardna til.

Norsk, og internasjonal, politikk har gitt store delar av utmarka tilbake til rovdyra. Jerv, ulv og andre rovdyr forsyner seg, verna av lov og rettsapparat, av sauer, rein, elg og anna matvilt. Bønder legg ned sauehaldet, samar og jegerar fortvilar.

Samtidig har jordbruksteknologien avskaffa fôrsankinga til fjells. Ho blir ikkje eingong framvist for turistane.

Menneska har rusla heim og tatt husdyra sine med seg.

Og utmarka har fått fred til å stelle med sitt.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis