JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Unemnelege Ukraina

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nepomnjasjtsjij er i leiinga mot Ding Liren i VM-kampen i Astana, Kasakhstan.

Foto: Stev Bonhage

2256
20230414
2256
20230414

Verdssjakkforbundet Fide, under russisk leiing, har ein taktikk som går ut på å ikkje snakka om Ukraina. Då systrene Muzytsjuk, to ukrainske verdsstjerner, nyleg trekte seg frå Fide Grand Prix, vart det tyst frå Fide. Var det umogleg for systrene å konkurrera mot russiske spelarar? Kva seier Fide til det? Ingenting.

VM-finalisten Jan Nepomnjasjtsjij (32) har funne ei god formulering til vestlege journalistar: «Eg stør Russland, men er mot krig.» OK, kva tyder det? Er han imot Russlands krig, «Ukrainas krig», eller er han imot krig generelt? Han er sponsa av Putin-oligarkane, som finansierer Russlands krig. Kva seier han til det? Ingenting.

Av di Ukraina er vorte unemneleg i den russiske sjakkintelligentsiaen, kjem ein ikkje vidare. Den anti-intellektuelle putinisten Sergej Karjakin (32) har kritisert Nepomnjasjtsjij for tåkeprat. Han vil ha klar tale frå landsmannen før han vil heia på «Nepo» i VM-kampen. Karjakin og eksverdsmeisteren Anatolij Karpov er unntak: Dei pratar klart, men med fascismens retorikk.

Eit anna døme. Eg har halde meg borte frå russiske sjakksendingar det siste året, men under den russisk-arrangerte VM-kampen som byrja i post-sovjetiske Kasakhstan denne veka, skrudde eg på russisk internett-TV. Eg valde den minst propagandistiske sjakk-kanalen, som baud på to kommentatorar i eksil: stormeister Jevgenij Barejev (56) i Canada og stormeister Peter Svidler (46) frå ukjend adresse.

Dei to snakka til eit russisktalande publikum. Eg skjøna ikkje kva dei prata om. Barejev sa: «Vi russisktalande har slutta å tenkja og snakka. Eg stør difor dei som tør å seia noko.» Kva meinte han? Dei som tør å seia noko mot Putin og krigen (finst dei?), eller dei som tør å heia fram Putin og krigen (Karjakin og Karpov)?

Svidler berre klødde seg taust i skjegget. Ingen nemnde det unemnelege: Ukraina.

Same dag dukka det opp eit nytt bilete av Igor Kovalenko (34), Ukrainas beste spelar før krigen. Kovalenko melde at han var i live etter 11 månader som soldat. Han har mellom anna overlevd 150 dagar i Donetsk-regionen. Han skulle ha vore med i Fagernes-turneringa i påsken i fjor, der han var rangert som nummer 1, men trekte seg og drog til fronten.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Beatrice Salvioni blir samanlikna med forfattar som Elena Ferrante og Natalia Ginzburg.

Foto: Vittoria Bernini

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Jentene gjer opprør

Beatrice Salvioni skildrar hardt pressa ungjenter i Førkrigs-Italia i romanen Den fordømte jenta.

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis