Den som likar ublanda ætter og klåre grenser, får mykje å strida med i Edda-universet. Der går blodsband og andre samband på kryss og tvers. Eller som Erling Kittelsen skriv i Fredsslutning (2016): «Noen renhetslære eller typologi blir umuliggjort når figurene er av blanda herkomst og har sprikende evner.» Det ser ut til å vera ein regel at berre æser får gifta seg med åsynjer, men elles er det fritt fram. Mangslags avkom og alliansar kjem til, og attåt ymse erotiske prosjekt har figurane ei rad gjeremål og eigenskapar. Dei lyt vera der det skjer: Inne i diktverda er figurane i sitt ess. Om me nappar dei ut og freistar kartleggja heile bakgrunnen og alle sidene deira, er det som dei dett frå kvarandre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.