20210827
Teikn til anger
Ord om språk
Mange av oss har ein eller fleire gonger fått denne oppmodinga: Ikkje gjer noko du kjem til å angra på! Det er eit godt råd, og dersom oppmodinga kjem frå ein angrande syndar, kan det henda at orda får retteleg tyngd òg. Å fylgja rådet er likevel lettare sagt enn gjort. Om me vert oppskaka, drukne eller båe delar på ein gong, kan me seia eller gjera noko me elles aldri ville ha sagt eller gjort. Då er det keitt å koma til seg sjølv att: «Når sinnet går av, kjem angeren etter.» Det vert òg sagt at «inkje vondt er so vel angra at det ei var betre ugjort».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.