JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Stormaktene

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slaget ved Poltava, slik kunstnaren Denis Martens måla det i 1726 (utsnitt).

Foto: Wikipedia

3786
20220506
3786
20220506

Det historiske råstoffet er grenselaust. Den som vil fortelje historie, må gjere eit utval. Det meste må veljast bort. Og det valet som er gjort, er prega av interessene til forteljaren. Og desse interessene vil prege forteljinga, kva som blir fortalt.

Nokre vil fortelje om ei eventyrleg teknologisk utvikling i historia, frå flinsteinane som kunne tenne bålet, til vår tids romfart, atomfysikk og digitalisering.

Andre vil fortelje om framvoksteren av jordbruket, som gav så mykje mat at folk kunne slutte med matsamlinga og flytte inn i byar, der dei dreiv med kunst, religion, filosofi, vitskap og anna åndsarbeid.

Andre vil fortelje om stormaktene i historia, som kom, regjerte og vart borte. Dei dominerte si tid og sine område. Og så var det slutt.

Lista over fallerte og forsvunne stormakter er endelaus. No finst dei einast i historiebøkene. Der lærer vi om Assyria, Babylon, Persia, Kartago, Romarriket, dei greske bystatane, Aztekarriket, Inkariket, Mayariket. Dei er alle borte, på plass i biblioteka.

I moderne tid har vi sett europeiske stormakter fallere. Sola går aldri ned i mitt rike, sa spanskekongen ein gong. Det er lenge sidan. I førre hundreåret, då statane i Europa prøvde å øydelegge kvarandre i fleire store krigar, såg vi at dei mektige europeiske kolonimaktene vart jaga av verdsscena og sende heim, til eit liv som mellomstore regionalmakter. Og nye stormakter tok over verdsscena: USA, Sovjetunionen og etter kvart Kina.

Blant dei fallerte europeiske stormaktene finn vi vår gode granne Sverige. Dei har til og med gått så langt at dei kallar ein bolk av historia si «stormaktstida».

Gustav Vasa, konge frå 1523, er den første landsfaderen. Etter han kom det kongar som kriga Sverige større, i Skandinavia og i Europa.

I 1697 kom den 15-årige Karl XII på den svenske krona. I 1700 starta han det ettertida kallar den store nordiske krigen, mot Danmark, Polen og Russland. I 1703 slo han den russiske hæren ved Narva, før han sigerrik toga sørover gjennom Polen og Russland.

Ved Poltava i Ukraina møtte han tsar Peter den store og hæren hans. Slaget ved Poltava er ei avgjerande hending i svensk historie. Svenskane tapte. Kongen vart flyktning i Tyrkia, medan mange svenske soldatar vart fangar i usle leirar i Sibir.

Og den svenske stormaktstida var slutt. Svenske landområde vart overtatt av andre.

I 1715 kom han så endeleg heim til Sverige, etter å ha vore heimanfrå i 15 år.

Vel heime starta han krigen mot Noreg att. Første forsøket var mislukka. I 1718 prøvde han igjen. Då vart han skoten ved Fredriksten festning ved Halden. Omtrent på same tid drog ein stor svensk hær inn i Trøndelag. Ved Essandsjøen i Tydalsfjella kom det over dei ein ilter, iskald snøstorm, og dei fleste fraus i hel, både menneske og hestar.

Og den store nordiske krigen var slutt.

Men historia hadde fleire audmjukingar på lager for den fallerte svenske stormakta. I 1808 tok Russland Finland, som dei herska over til 1917. I 1814 fekk dei Noreg av stormaktene, som løn for innsatsen mot Napoleon. Det vart ei kortvarig trøyst for tapet av Finland.

Eit lite hundreår seinare, i 1905, takka nordmennene for seg og vart ein sjølvstendig grannestat. Og den fallerte stormakta vart redusert til det Sverige vi i dag kjenner.

Det har gått bra. Det moderne Sverige er ein moderne, industrialisert velferdsstat og ser ut til å trivast med det, også med grannane sine.

Livet som stormakt ser ut til å vere blodig og krevjande. Det lyser nok meir i ei fjern fortid enn det gjer i ei blodig samtid.

Den austerrikske kanslaren Bruno Kreisky sa om landet sitt at Austerrike var ei stormakt som vart til ein småstat og ser ut til å trivast med det.

Det er farleg å danse med elefantar, sa Peer Gynt.

Fallerte stormakter har nok lært det.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis