JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Semjon

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Semjon Mitusov (16) på påskefestivalen i sjakk på Fagernes.

Foto: Anniken Vestby

2262
20220422
2262
20220422

Fredag 1. april kom Semjon Mitusov (16) og mor hans til Scandic Helsfyr hotell i Oslo.

Fem dagar seinare, tysdag 5. april, sit dei roleg ved eit bord i Oslo Schakselskap. Det er mange menneske i klubben denne kvelden, vi skal spela aprilutgåva av «Superlyn» klokka 19.

Eg freistar småprata med Semjon og mor hans. Kva kan ein seia? Den unge guten, det største sjakktalentet frå byen Kramatorsk i Donetsk fylke, ser like sliten ut som mor si.

Eg peikar på nokre «lynhaiar» som går forbi oss. Semjon er overraska over at det kjem stormeistrar til klubben ein tysdag kveld. Så byrjar turneringa. Semjon slår stormeister Frode Urkedal i runde 5 og spelar på fyrstebord mot Simen Agdestein i runde 7. Partiet vert remis. Men runden etter tapar Semjon mot Ward Altarbosh, som hoppa av frå det syriske OL-laget i Tromsø i 2014.

I 11. og siste runde har eg kvit mot Semjon. Eg får ein føremon i ei katalansk opning. Semjon freistar setja opp ei festning i midtspelet. Han går fram og attende med tårnet. Eg vil vinna, det er det spelet går ut på. Eg kan få eit tårnsluttspel med gode sjansar til siger om eg byter dronning, men bør eg ikkje spela meir offensivt? Eg går til åtak med dronninga mi – og vipps vert eg sjølv matt i tre trekk.

Agdestein vinn turneringa føre Altarbosh og Elham Abdrlauf, ein 17-åring med afghansk bakgrunn, den beste junioren i norsk sjakk. Semjon endar på 6. plass, ein fin debut. Mora smiler til meg når eg fortel at son hennar slo meg. Eg spør om dei har nokre planar for framtida. «Vi skal vera her. Vi skal ikkje attende til Ukraina. Åtte år med krig er nok.»

Tre dagar seinare, fredag 8. april, vert togstasjonen i heimbyen Kramatorsk bomba av russarane. 50 døde ligg på plassen der Semjon og mora hadde stått med bagasje ei veke tidlegare.

Sundag 10. april er Semjon på plass i Fagernes Chess International, påskefestivalen til Hans Olav Lahlum. Arrangøren spanderer hotellopphaldet på Semjon, som vert møtt med applaus frå 130 sjakkspelarar før fyrste runde.

I fjerde runde, 12. april, vinn guten mot ein indisk stormeister, og i runden etter slår han ein svensk stormeister. Resultatet er sensasjonelt. Han endar på 15. plass med fleire stormeistrar bak seg på lista.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis