JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Radioen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Radioen fekk sitt gjennombrot i mellomkrigstida. Mange hadde med seg radio for å høyre resultata i hopprenna i Holmenkollen i OL i 1952.

Foto: Aktuell / NTB

2395
20221216
2395
20221216

Radioen slo igjennom i mellomkrigstida. Og ein del hadde radio då krigen kom. Då vart radioane tvangsinnsamla for å sikre informasjonsmonopolet til det nye regimet og stengje ute farleg og skadeleg informasjon.

Nokre greidde å gøyme unna radioen sin og hadde såleis ulovleg tilgang på informasjon frå London, som så kunne tilflyte den norske motstandsrørsla og andre som kunne ha nytte av å vite.

Etter krigen vart så radioane tilgjengelege igjen. Då fekk vi radio. Det fanst fleire stasjonar, men vi høyrde berre på NRK. Viktigaste programmet var vêrmeldinga.

Vi dreiv gard og var avhengige av vêrgudane og deira lune, spesielt om sommaren.

Vi hadde to store arbeidsøkter: høyonna og den seige kampen mot ugraset. Å få lurt tørrhøyet i hus mellom regnbyene var årets viktigaste oppgåve. Det handla om vinterfôret til husdyra, som vi levde av.

Og kampen mot ugraset vart mykje tyngre om det var regn og gråvêr. Når vi hadde rive opp det fordervelege ugraset og lagt det att til ein stille død, kunne ei regnbye gje styggedommen nye livsvoner og livskraft. Så var det å gå på med greva igjen. For vêrmeldinga var viktig for oss alle.

Ein granne, ein tilårskomen bonde, hadde ikkje radio. Han ringde oss for å få vêrmeldinga når han trong henne. Så kjøpte han radio og høyrde dei vêrmeldingane som var.

Ein dag eg var hos han og køyrde høy, kunne han fortelje meg at han var uroleg for bøndene i Vesterålen. Der hadde det regna ustoppeleg i to veker, og dei fekk ikkje inn høyet sitt. Han følgde vêrmeldingane for heile landet med tanke på korleis høyberginga gjekk her og der.

Høyberginga var årets viktigaste hending. Men radioen gav mykje meir. Vi fekk sportsresultata same dagen hendinga var. Vi måtte ikkje vente til avisene neste dag.

Ønskekonserten sende variert musikk over landet kvar måndag.

Søndagskvelden var familiekvelden, med opplesing av klassisk litteratur. Edvard Drabløs las om Egil Skallagrimson. Ole Grepp las om Raskolnikov. Og ein sørlending las om major von Knarren.

Husandaktar var ein skikk blant kristne lekfolk. No vart dei utkonkurrerte av radioandakten kvar morgon, med herleg song, langt vakrare enn husandaktane kunne greie. Og høgmessa kom inn i heimane. Det var ikkje nødvendig å gå til kyrkje alltid.

Radioen var nok den største utvidinga av livsrommet sidan lesekunsten.

Fjernsynet, med all respekt, var nok berre ein kopi.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis