Pasta
Jau, ein kan verte dummare av ein tur på butikken.
Det treng ikkje byrje her, men om du vil, kan det det.
Foto: Inra Dist / Wikimedia Commons
Det treng ikkje byrje her, men om du vil, kan det det.
Foto: Inra Dist / Wikimedia Commons
Det byrjar med ei hand og ein kjøkkenbenk: Det er noko vakkert med det å slå mjøl rett på benken, som i mitt hovud helst bør vere av tre, lage ei grop i mjølet og slå egg ned i, og så, med fingrane, forsiktig fyrst, men så kraftigare, nærast dyppe mjølet ned i egget, drage egget opp i mjølet, blande med handa litt etter litt til du har ein deig. Og ikkje kva som helst slags deig heller, men ein som toler å verte valsa gong etter gong, tynnare og tynnare, utan å verken klistre seg eller smuldre opp. Ein tullar ikkje med slikt. Her krevst handlag og trening og meir enn godt med tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.