JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Parmesan

Tusen år gamle ystetradisjonar får ikkje plass i ei dressingflaske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Himmelen? Ja, for mange er eit modningslager for Parmigiano-Reggiano ikkje langt unna.

Foto: Marco Vasini / AP / NTB

4342
20220422
4342
20220422

Det skjer med jamne mellomrom, men no var det ei stund sida sist. Og godt er det: å treffe på produkt som er så tåpelege, ja, beint ut respektlause som den smått legendariske majonesprodusenten Hellmann’s nye dressing, gjer meg både trist og forbanna. Det er ikkje kjensler eg ynskjer å fylle meg med oftare enn høgst naudsynt – og er det noko ingen treng, er det nettopp Hellmann’s Parmesan & Roasted Garlic Flavour Sauce.

Kvifor dette er noko å hisse seg sånn opp over, seier du? Jau, fordi Hellmann’s såkalla parmesansaus ikkje inneheld ein einaste liten smule parmesan. For at du skal kunne fylgje meg på kjenslereisa som syner kor frekt det er at dei likevel vågar å nytte namnet til den verdskjende osten på produktet sitt, skal du vere med meg på ei virtuell reise til Parmigiano Reggiano.

Berre to ostar er like

Den fyrste registrerte omsetninga av Parmigiano Reggiano – eller parmesan på norsk – gjekk føre seg på 1200-talet, og det var benedikter- og cisterciensarmunkar som for tusen år sidan utvikla osten: Ved å bruke fersk kumjølk og salt frå gruvene i Salsomaggiore skapte dei ein ost som kunne lagrast lenge.

Mjølka fekk dei frå bønder i området, som fôra kyrne med gras – og slik har det halde seg heilt fram til i dag: Framleis er det berre i dei italienske regionane Parma, Reggio Emilia, Modena og Mantua at ein kan produsere Parmigiano Reggiano. Og framleis byrjar smaken ute på jorda: Kyrne et berre gras frå enger som ikkje vert verken sådde eller pløgde eller kunstgjødsla, og slik endar dei opp med eit unikt biologisk mangfald.

Dei 3000 bøndene som er del av konsortiumet Parmigiano Reggiano, leverer mjølk til eitt av 300 meieri som alle saman ystar på same måten. Skumma kveldsmjølk vert blanda med heil morgonmjølk og tilsett mjølkesyrekultur gjennom myse frå førre ysting.

Kulturen syrnar mjølka, og når ystaren finn det riktig, set han til kalveløype som brestar mjølka på om lag ti minutt. Ystekorna vert rørte og varma opp til 55 grader, slik at massen fastnar. Så byrjar forminga av dei to femti kilos ostehjula: To ystarar må løfte massen ut av mysa og ved hjelp av linklede forme han til dei to tvillingostane som kvar dag kjem ut av kvart ystekar.

Dette er dei einaste to parmesanostane som nokon gong er like. Alle andre ostar vil vere ulike – ysta i ulike sesongar med ulikt fôr, temperatur og råme. Ja, endåtil humøret til ystaren kan gjere ein parmesanost bitte litt annleis enn osten til ein annan ystar på eit anna meieri same dag. Og sjølv dei to tvillingostane vil etter kvart reise ulike vegar – fyrst i metta saltlake i rundt tjue dagar, så på modningslagar i minimum tolv månader. Men har osten potensial, kan han verte lagra i fleire år.

Laga, ikkje produsert

Parmigiano Reggiano er «laga, ikkje produsert», seier dei sjølve. Dette er det absolutt motsette av den generiske produksjonen Hellmann’s står for, med ein dressing laga på vatn, soyaolje og syntetisk framstilte aromastoff. Ekte parmesan er laga med kjærleik og omtanke i alle ledd. Det får du meg ikkje til å tru at Hellmann’s Parmesan & Roasted Garlic Flavour Sauce er – og det kan ein kanskje heller ikkje forvente til 39,90 kroner per flaske. Men då får dei samstundes halde seg for gode til å stele frukter frå ekte handverkarar.

Har dei eingong lov å bruke namnet parmesan i produktnamnet? Parmigiano Reggiano er ei geografisk verna nemning. Den internasjonale forkortinga er DPO, som seier at ingen utanfor dei tidlegare nemnde italienske områda kan produsere osten.

Bortsett frå i USA. For sjølv om parmesan er ei omsetting på norsk, er det ikkje ei verna nemning over dammen: Amerikanarar kan ikkje lage Parmigiano Reggiano, men har gjeve seg lov til å lage ein eigen Parmesan Cheese. Då har dei truleg samstundes gjeve Hellmann’s lov til å lage Parmesan Sauce, sjølv om han er produsert i Polen.

Det inneber ikkje at vi treng å kjøpe han, og det har eg heller ikkje tenkt å gjere. Ikkje eingong om nokon heldt ein pistol mot hovudet mitt. Og det kan eg trygt seie fordi eg ikkje trur nokon bryr seg nok om Hellmann’s til å gjere det. Om nokon skulle ha så sterke kjensler for parmesan, monaleg meir truleg, er eg på rett side av pistolen.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er det absolutt
motsette av den generiske produk-
sjonen Hellmann’s står for.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis