JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Opportunistane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bogoljubov og Alekhin møttest til VM-oppgjer i Berlin 1929.

2357
20221125
2357
20221125

Dei ville helst berre spela sjakk, men levde i ei tid då verdshistoria var nådelaus. Det gjekk ikkje bra for prestesonen Jefim Bogoljubov frå Kyiv og adelsguten Aleksandr Alekhin frå Moskva.

Under turneringa i tyske Manheim i 1914 braut den fyrste verdskrigen ut, og spelarane frå Tsar-Russland vart internerte. Den fyrste tida i fangenskap var spartansk, utan bøker eller sjakkbrett. Alekhin og Bogoljubov hadde ikkje noko val: Dei spela blindsjakk mot kvarandre timar i strekk på eit nivå ein ikkje hadde sett før.

Alekhin kom seg heim til Russland, noko han skulle angra på då han nesten miste livet under borgarkrigen, medan Bogoljubov vart verande i tysk husarrest. Slik kunne Bogoljubov trena sjakk i fire lange år, dei beste åra i hans liv. Då han kunne reisa fritt i 1918, var han klar for å kjempa om verdsmeistertittelen.

Bogoljubov lika seg i Tyskland, der han gifta seg. Fyrst i 1924 sette han seg ved sjakkbrettet i Sovjet­unionen. Bogoljubov var smigra av sjakksatsinga til kommunistane og sa ja til sovjetisk statsborgarskap. Han vann sovjetmeisterskapen suverent i både 1924 og 1925.

Men attende hos familien i Tyskland fekk han problem med det raude sovjetiske passet og vart difor tysk statsborgar frå 1926. Året etter vart den nye franskmannen, den «kvite» emigranten Alekhin, verdsmeister i sjakk. I to VM-kampar i 1929 og 1934 utfordra Bogoljubov den gamle blind­sjakkpartnaren, men tapte.

For båe to vart den andre verdskrigen ein moralsk katastrofe. Bogoljubov melde seg inn i nazipartiet og arbeidde som ukrainsk/russisk tolk for tyskarane i Polen. Alekhin var aktiv nazist og skreiv antisemittiske artiklar.

Alekhin døydde einsam på eit hotellrom i 1946 med eit øydelagt ettermæle. Bogoljubov gjekk under radaren og lukkast vitja Sovjetunionen som sjakkgjest like før han døydde i 1952.

Som alle sjakkspelarar har eg alltid vore medveten om Alekhins veg mot undergangen. Bogoljubov har vore meir komplisert. Vi visste at han spela og treivst i tyske turneringar under krigen, men det gjorde òg den estiske «helten» Paul Keres, den «snille» nederlandske verdsmeisteren Max Euwe og det sterke svenske landslaget.

Nyare arkivmateriale frå den sveitsiske historikaren Christian Rohrer syner at Bogoljubov spela ei nedrig rolle i det tyske krigsmaskineriet i Polen.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis