Mykje til kar
Ikkje alle er kar om å vera kar, og det er ikkje alle som kan smykka seg med heidersnamnet kjernekar heller. Ein kar er i utgangspunktet ein fullvaksen mannsperson, og slik sett skulle det vera lett å verta kar: Gutane kan berre lata tida gå, so vert dei karar før eller sidan – det er ikkje noko karsstykke. Men det er òg tradisjon for å nytta kar om «mannsperson som i serleg mon har slike eigenskapar som ein vaksen mann bør ha» (Norsk Ordbok), og då vert det verre. Kar har mellom anna vore nytta i tydinga ‘gift mann’, so ein ungkar er mestsom ikkje ein retteleg kar. Me kan elles nytta kar i tydinga ‘rik, velståande mann’ (jf. storkar): «D’er lett å vera kar, når det inkje kostar.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.