JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Matbutikkar

Noreg har kvantitet i massevis, men kva med kvaliteten?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er ein utanlandsk supermarknad av det koselege slaget. Dei utanlandske supermarknadane næringsministeren vår vil ha til Noreg, ser nok litt annleis ut.

Foto: Jim Osley / Wikimedia Commons

4442
20221104
4442
20221104

Er diskusjonen på repeat? Er det hakk i Matrix, er bilen på tomgang, eller har vi ikkje noko anna å prate om for tida?

Det kunne kjennest litt slik då media førre tysdag presenterte Næringsdepartementets «nye» tiltak for å betre konkurransen i daglegvarebransjen: forbod mot prisdiskriminering, meir makt til Konkurransetilsynet og utgreiing av kva eigne merkevarer gjer med konkurranse, pris og utval. Har vi ikkje høyrt om dette før?

Svaret på det er ja. Nyhendet som kom frå presseavdelinga hjå Næringsdepartementet 25. oktober, var ei oppfølging av vedtaket Stortinget gjorde i vår. Då var det ein samla opposisjon som tok grep og påla regjeringa å gjere noko – noko dei no har byrja å gjere, ved å mellom anna sende forslag til korleis ein kan forby prisdiskriminering, på høyring, presentert som noko dei sjølve har kome på.

«Vi må for all del unngå at forbrukeren sitter igjen med dårligere utvalg og høyere priser enn nødvendig», uttalar minister Vestre i pressemeldinga frå departementet. «Det skal bli lettere for nykommere å etablere seg», seier den same ministeren til Nettavisen, og legg til at målet er at utanlandske aktørar skal få prøve seg også her til lands.

Dei to sitata handlar altså om det same, og dei kan tilsynelatande omhandle to sider av den same saka. Men gjer dei eigentleg det?

Kva vi ikkje treng

Lat oss fyrst slå fast kva vi ikkje treng: fleire daglegvarebutikkar. Noreg er alt eit av landa i Europa med flest slike butikkar per innbyggar – 7,5 butikkar per 10.000 innbyggarar, ifylgje NHOs rapport «Tall og trender 2022: Handel». Sverige har til samanlikning 5,7 butikkar, og sjølv om areal og folketettleik kan forklare noko av skilnaden, forklarar det ifylgje analyseinstituttet Menon ikkje alt.

Sjølv om talet på butikkar går ned – vi hadde 4108 daglegvarebutikkar i 2007 mot 3858 i 2021 – går det mykje mindre ned enn talet på andre butikkar i varehandelen. Om vi ser vekk frå koronaperioden med stengde grenser, er salet i det store og det heile temmeleg stabilt. I snitt treng ein butikk ein omsetnad på 40–50 millionar kroner i året, og eit kundegrunnlag på 1000 innbyggarar gjev rom for to daglegvarebutikkar.

Røyndomen er sjølvsagt ikkje like skjematisk, og det er skilnad på butikktettleiken i tett- og grisgrendte strøk, men det finst òg nok av døme på at sjølv små stader har konkurrerande daglegvarebutikkar nærast vegg i vegg.

Kva vi ikkje vil ha

Kva må med andre ord skje dersom det skal kome utanlandske aktørar inn i denne marknaden? Jau, eksisterande butikkar må vekk. Truleg ganske mange eksisterande butikkar, for tiltak mot prisdiskriminering vil langt frå vere omgripande nok til å utjamne stordriftsfordelane dei eksisterande kjedene alt har. Om Tesco, Carrefour, Lidl eller Aldi skal lukkast med å rulle kjøletrailerane sine inn på norske vegar, vil dei knappast lukkast med det med eit varehus ved Moss og eit i Sandvika.

Og om nokre av dei internasjonale daglegvaregigantane skal finne det lønsamt å prøve, kva er det då vi vil få? Tesco var fyrst ute i verda med å satse stort på eigne merkevarer – nett slike vi trur vi vil avgrense her til lands. Tesco har halde fram som verdsleiar på feltet, men måtte i fjor fjerne ei rekke av dei nest billegaste variantane sine etter det vart avslørt at dei var identiske med dei billegaste eigen-merkevare-produkta.

Utanlandsk daglegvarekonkurranse vil truleg gje nokre billegare, nokre dyrare og nokre nye varer – og mange konkursar. Og til kva pris? Lat oss hugse at det ikkje er nokon automatikk i at verken Lidl, Aldi eller Tesco vil kunne hjelpe oss med hovudproblemet: å tvinge Norgesgruppen, Rema eller Coop til å avsløre korleis dei skapar milliardoverskot samstundes som dei hevdar at dei ikkje tener pengar.

Noko må gjerast i norsk matbransje, men ikkje kva som helst. Vi treng ikkje endring for endringa si skuld – tvert om må vi stadig hugse kva det var som trong å endrast i utgangspunktet, kvifor det måtte endrast og kva det var vi ynskte å oppnå. Kanskje treng vi betre matbutikkar meir enn vi treng fleire matbutikkar, til dømes. Kanskje er enklare og meir opne salskanalar viktigare enn kunstig låge prisar. Kanskje skal vi byrje med å gjere noko med det vi har, heller enn å ynskje oss problema dei har ute i den store verda.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om nokre av dei internasjonale daglegvaregigantane skal finne det lønsamt å prøve, kva er det då vi vil få?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis