Loketretta er det einaste diktet med trette i tittelen, etter norrønt Lokasenna. Nemninga senna vert gjerne nytta om ein verbal duell der deltakarane tevlar med hånsord i staden for våpen. Slike sennaer plar vera lette å kjenna att, og det er ikkje umogleg at folk i mellomalderen oppfatta såvorne ordstridar som ein eigen sjanger. Det vanlege er at ei senna kjem som innskot i større verk, til dømes i islendingesoger eller eddadikt. Dei tre fyrste heltedikta i Den eldre Edda inneheld alle ei senna, og her som elles dreiar skuldingane seg ofte om kjønnslege avvik. I Det fyrste kvedet om Helge Hundingsbane får Gudmund denne remsa i fleisen: «i mangt eit renn / reid eg deg trøytt, / svang under sal, / som ei simle fór du» (oms. Mortensson-Egnund).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.