JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Leverpostei – ti år etter

Synest du maten er dyr? Vel, leverposteiboksen til Gilde kosta tre kroner meir for ti år sidan – og det med meir lever enn i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er ikkje kvar dag leverposteien pyntar seg slik, men no er det trass alt jublieum.

Foto via Wikimedia Commons

4390
20221209
4390
20221209

Ja, veit du kva, no kostar eg på meg eit heilt utropsteiken her – for har du sett: Denne veka er spalta «Frå matfatet – om mat og matproduksjon» ti år. Hurra!

Det beste med jubileum er at ein slepp å kome på noko nytt. I staden kan ein lene seg på gamle bragder, ta tilbakeblikk og evaluere – så også i denne jubileumsspalta, som speidar heilt attende til starten.

Den fyrste utgåva av «Frå matfatet» stod på trykk i Dag og Tid 7. desember 2012, og ho tok føre seg leverpostei i to variantar: Gilde Ovnsbakt Leverpostei laga på råvarer frå vanleg norsk innegris og leverpostei frå utegrisane hjå Grøstad Gris.

Ti år er både lenge – og kort. Då eg byrja å skrive matspalte om daglegdagse råvarer i 2012, hadde eg få konkurrentar – mange skreiv restaurantmeldingar, få skreiv om maten i daglegvarehyllene. I dag er vi fleire. Merksemda kring maten vår er større og kjem frå fleire kantar: Éin ting er pris, men vi snakkar òg stadig meir om berekraft, klimapåverknad, helse, reinleik og kvalitet, og stadig fleire er ute etter å avsløre matjuks. Sjeldan – truleg aldri – har nordmenn vore så opptekne av mat som vi er i 2022.

Kva gjer det med maten vår? Syner det att endåtil i ei så kvardagsleg råvare? Har leverposteivariantane våre endra seg på eit tiår?

Mindre lever

Som i 2012 byrjar vi med samvirkevarianten – Gilde ovnsbakt leverpostei – som på den tida inneheldt 36 prosent svinelever. I dag er talet 31 prosent. Dette gjer igjen noko med innhaldet av levernæringsstoffet med stor N: Det er berre 6 mg jern per 100 gram Gilde leverpostei no, mot 7 mg i 2012.

Har lever vorte for dyrt? Ein skulle ikkje tru det om eit innmatprodukt, men kanskje er det likevel slik – indirekte: Kanskje er det ikkje lever som er dyrt, men andre ingrediensar som har kome til ved å vere endå billegare.

I alle høve er det meir komplisert å lese ingredienslista til Gilde no. Ho inneheld ord som dekstrose, der det før var sukker (dekstrose er fruktsukker, det same som glukose, og i dette tilfellet vunne ut frå mais), her er gjærekstrakt og aroma og heile fire stabilisatorar no. Ja, og så har leverposteien vorte både mjølk- og glutenfri: Medan det før var både kveitestivelse og mjølk i posteien, er det no potetstivelse og solsikkeolje.

Gilde Ovnsbakt Leverpostei er rett og slett eit ganske anna produkt i 2022 enn det var i 2012. Prisen har òg endra seg: Han er tre kroner lågare denne desembermånaden enn ti år tidlegare, då han ifylgje meg sjølv kosta kring 27 kroner. I dag kostar han kr 23,90 på Spar.no. Om ein konsumprisregulerer 2012-prisen, vert dagens leverpostei endå billegare: 27 2012-kroner vert 36 2022-kroner. Det er noko å tenkje på no som maten liksom har vorte så dyr. Kanskje kostar han mykje fordi han for ikkje så lenge sidan kosta særs lite?

Kjedemakta

Innhaldslista til den konkurrerande leverposteien frå Grøstadgris er derimot om lag like lettlesen som ho var i 2012, men nokre endringar er likevel gjorde: Fløyte er bytt ut med skummamjølkpulver, kveitemjøl med potetmjøl og her er nokre prosent mindre kjøt og lever, her òg.

Dei største endringane i Grøstadgris er likevel strukturelle. Frå å vere ei gardseigd foredlingsverksemd er Grøstadgris no heilt og fullt eigd av daglegvarekonsernet Norgesgruppen. Merkevara set stadig dei same strenge krava til dyrevelferd: Grisane lever utandørs med tilgang til å rote i jorda og finne sin eigen mat i tillegg til kraftfôret, men overskotet går no til milliardærane i Norgesgruppen, ikkje til svinebøndene. Og her har prisen gått opp: frå 169 kroner per kilo i 2012 til 226,88 kroner hjå Meny i dag.

Berre i desse to leverposteivariantane kjenner vi altså att fleire trekk frå den store utviklinga i matnoreg. Ei auka interesse etter rettvist produsert lokalmat vert plukka opp og inkorporert i ei stadig meir vertikalt integrert næring der daglegvarekjedene får større makt – og kan sette prisane deretter.

Stadig fleire meiner dei har ein eller fleire matintoleransar, ekte råvarer vert i det stille bytte ut med nærings- og smakstomme stivelsesprodukt – og trua vår på at mat er dyrt, kan framleis utfordrast. Eit matmedvite folk fortener framleis betre.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gilde Ovnsbakt Leverpostei er rett og slett eit ganske anna produkt i 2022 enn det var i 2012.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis