JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Lærarjorda

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lyngbø skule på klokkargarden i Finnøy, med lærarjord for to kyr, eller ei ku og sju-åtte vinterfora sauer.

3566
20220812
3566
20220812

Få har endra europeisk historie så mykje som Martin Luther. Éin ting var at han sprengde kyrkja og såleis kom til å endre europeisk kyrkjeliv. Ein annan historieformande tanke var den rolla han gav Bibelen. Bibelen var vegen til kunnskap om Gud og Guds tankar, tankar kvar og ein måtte finne fram til.

Då måtte Bibelen kunna lesast. Denne tanken vart ei drivkraft i det protestantiske Europa. Han kom til å forme europeiske språk. Bibelen måtte ut av latinens grep. Han måtte over i folkespråka.

Bibelomsetjingane kom til å forme mange folkespråk, i Tyskland, i England, i Sverige og Danmark. Og folk måtte lære å lese. Lesekunnskapen vart på sett og vis ein veg til den evige sæla, til kunnskapen om Gud. Og lesekunnskapen kom og voks. Ulike skuleformer dukka opp. Skule for alle er ein nykomar i europeisk historie. Og med skulen kom også læraren vandrande inn i historia.

Det vart ingen parademarsj.

Omkring år 1800 skriv kristiansandsbiskopen om lærarane i bispedømmet: «Skolelærerne vandre omkring, lide ondt ... i usle, indknebne Røgstuer ... have ikkun 2 til 4 Rdl årlig, ja til sine Steder intet».

Men ting var på veg. I 1889 kom lova om folkeskulen, ein femårig skule for alle. Han vart sjuårig i 1920.

Men noko måtte gjerast for lærarane, som vart fleire og fleire.

Skulelova frå 1860 møter problemet med livsvilkåra for lærarane. Det var ikkje hensiktsmessig å bruke «stort Beløb i de første Aar til Alderstillæg». Det var betre «at anvvende en Deel af Samme til Anskaffelse af Lærerjord eller Lærerboliger»

Så var lærarjorda komen inn i historia. Fattige landskommunar hadde lite pengar, også til lærarlønner. Å betre livsvilkåra for læraren og familien hans ved å gje dei ein jordflekk til dyrking av eigen mat, var ei løysing til beste for alle, for kommunekassa og for lærarfamilien.

Læraren min, Bjarne Harbo, dreiv lærarjorda Lyngbø. Garden var granne til prestegarden, ein mykje flottare gard når det galdt jord og bygningar. Kyrkja var eldre og sterkare enn skulen, og kunne ta betre for seg av det som fanst.

På Lyngbø var det eit bustadhus og ein liten driftsbygning, der læraren kunne ha dei to kyrne sine og det høyet han hadde samla til vinterfôr.

Om morgonen måtte han først i fjøset og mjølke og stelle kyrne, før han kunne gå på skulen. Han leverte mjølk på meieriet, det som var att når familien hadde fått sitt. Bøndene stod sjølv for mjølketransporten til meieriet, ved at bøndene i kvar grend organiserte mjølkekøyringa på skift.

For læraren på Lyngbø var det ikkje like enkelt. Han måtte på skulen om morgonen, då mjølka var klar til å transporterast. Og han hadde ikkje hest. Løysinga vart at grannane på Flesjågardane, der Lyngbø låg, tok med seg det vesle mjølkespannet frå lærargarden.

Læraren stod oppført på den årlege leverandørlista frå meieriet, blant dei aller minste leverandørane, med nokre få hundre liter i året. Største leverandørane leverte meir enn 30.000 liter.

Han var ikkje med i kontrollaget som førte bok over kyrne i bygda.

Han lukta fjøs når han kom på skulen om morgonen. Det gjorde vi også. Han var ein god og populær lærar og kyrkjesongar, med god songrøyst.

At han stod i den store alfabetiseringstradisjonen frå Martin Luther, var det ingen som tenkte på – heller ikkje at han var ein av dei mange lærarane som kom tilbake frå lærarskulen og spreidde kunnskapens lys i norske bygder, slik mange andre bygdeungdommar gjorde.

At vi sat midt i ein levande historisk straum, der lærarjorda og fjøslukta høyrde med, var det nok ingen som tenkte på.

Så store tankar hadde vi ikkje.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis