JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Kapers

Det blømer litt for trongt ein stad i krydderhyllene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kapersbusken treng ikkje mykje jord for å vekse. Her frå Cartagena-fjella i Spania.

Foto via Wikimedia Commons

4215
20220923
4215
20220923

Er ikkje internett fantastisk? Kven hadde for berre få tiår sidan trudd at eg kunne sitte heime i mi eiga stove og få svar på kva hylle eg kan finne kapers på i ein daglegvarebutikk i USA eller Storbritannia? Vel, det kan eg no. Ja, det er endåtil fleire internettsider der ute dedikerte til å hjelpe meg og alle andre internettilknytte folk med slike problemstillingar – med eit enkelt googlesøk (eg nytta «capers supermarket») dukkar både Grocerystoreguide.com, Infogrocery.com og Fastfoodjustice.org opp.

Og alle gjev dei meg det same svaret på spørsmålet eg lurte på: Er det fleire land enn Noreg som er så dumme at dei insisterer på å sette kapers i krydderhylla?

Sylta blomeknopp

Vi skal kome attende til det, men fyrst ein kjapp runde innom kva kapers faktisk er for noko. For – og her skuldar eg på den fullstendig feiltolka og kompliserande hylleplasseringa – det er altfor lite bruk av kapers i norsk matlaging, ja, det er altfor få som veit at kapers eksisterer i det heile. Det må vi gjere noko med, og eg byrjar no.

Kapers er ein blomeknopp frå kapersbusken Capparis spinosa. Dette er ein busk som veks vilt, særleg kring Middelhavet, og om knoppane ikkje vert plukka, utviklar dei seg til store, kvite blomar. Kapersbusken kan vekse på særs karrig jord – enkelte stader nesten rett på berget– og nyttar såleis areal som ikkje elles kan dyrkast. Men blomeknoppane må i stor grad haustast for hand, så produksjonen er arbeidskrevjande.

Kapersbusken får også bær, som ein i Noreg gjerne får kjøpt som kapers med stilk eller store kapers. Ser ein nærmare på busken, ser ein skilnaden: Kapersblomane har lag på lag med små, delikate kronblad, medan kapersbæra er fylte med små fruktsteinar.

Og med det vender vi attende til blomane. Kapers er som regel å få kjøpt sylta i saltlake, noko som gjev dei ein både salt og syrleg smak, og knoppane er langt frå steinharde – dei er mjuke og gnissar litt mellom tennene. Eg et gjerne kapers reint i staden for chips. Men om du er nybyrjar, start med kapers i pastasausen. Kva som helst slags pastasaus, eigentleg. Eller på pizzaen. I rømmesausen til den stekte fisken. I den greske salaten, potetsalaten eller kvardagsrestesalaten. Kapersen får det meste til å smake betre – samtidig som han smakar godt i seg sjølv.

Ubrukeleg emballasje

Så kvifor i alle stormfulle dagar skal dette fullstendig lettbrukelege produktet gøymast vekk i ein aldeles ubrukeleg emballasje?

Ja, for det er dette som er konsekvensen av det særnorske fenomenet «kapers i krydderhylla». Der dei i alle andre land eg har klart å grave fram, sel kapers på vanlege glas med opning stor nok til å få nedi ein vaksen gaffel eller ei skei, og set glasa i same reol som andre sylta matvarer, sausar og liknande, må vi her i Noreg leve med at kapers vert selde på same måte som oregano og karri – i smale, små, høge glas som høver i hylledelarane som er i krydderhyllene.

Og det fungerer rett og slett ikkje. For der oregano og karri kan strøast eller hellast, kan ein ikkje gjere det med kapers i saltlake. Krydder- (og difor kapers-) produsenten Hindu har endeleg tatt eitt steg mot vitet ved å endre emballasjen – frå den vanlege krydderboksen med liten og stor strøopning til eit hermetisk lukka glas. Men framleis er glaset så smalt at ein må bruke spesialreiskap for å få ut dei sylta blomeknoppane på ein vettug måte. Toro har det same glaset, medan Santa Maria framleis trur at vi kan helle kapers ut av same tuten dei brukar til timian.

Det vert for dumt. Er vi ikkje i 2022, folkens? Ja, vi har større problem i verda, men om vi no fyrst skal ha kapers, og det synest eg vi skal ha, for den vesle blomeknoppen gjer livet betre, bør vi ikkje klare å selje han på ein måte som gjer at han går an å bruke? Ein kan lure på korleis han har hamna der i det heile: Kapers har krydderfunksjon i den forstand at han set sitt preg på og gjer andre råvarer betre, men han kan etast for seg sjølv på ein heilt annan måte enn kvitlaukspulver og tørka rosmarin.

Altså: Nei takk til kapers på krydderglas. Ja takk til store, romslege syltetøyglas fylte med sylta blomeknoppar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg et gjerne kapers reint i staden for chips.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis