20200327
Innvikla sjølvutvikling
Tungemåla i verda viklar seg inn i kvarandre, og det er vel berre rett og rimeleg at vikla er kome til oss gjennom slik ihopvikling. Det tyske verbet wickeln (‘rulla, tulla, snurra’, av Wickel ‘rull, spole; hårrull; omslag’) har på eit tidspunkt rulla og tulla seg inn i norsk, truleg med dansk som mellomlekk. Me skulle kanskje tru at det vart mange forviklingar av slikt, men vandrande ord plar ikkje fløkja det til, jamvel om det kan verta ei viss varmeutvikling under topploket til dei som vil verja arveorda mot framande inntrengjarar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.