JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Hunden på håra

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2357
20230113
2357
20230113

Jamvel om det er hundevêr og bikkjekaldt, lyt hundeeigarane ut og lufta bikkja. Lavinehundane er i full sving no i vinterhalvåret, og det same kan me seia om trekkhundane. Skal tru om me kan nytta lomhunden (lemenet) til noko?

Hund er eit hundgamalt dyrenamn. Ordsoga er noko uviss, men ordet er i ætt med latin canis (‘hund’). Ein treng ikkje vera sporhund for å finna og kjenna att ordet i andre mål, jamfør islandsk og færøysk hundur, svensk og dansk hund, tysk Hund og nederlandsk hond. Engelsk hound har i dag tydinga ‘jakthund’. Dog har teke over som vanleg nemning for dyret. Det er elles gamalt å nytta hund som forsterkande førefeste, som i hundgamal, hundkald og norrønt hundmargr (‘svært stor el. mannsterk’) og hunddjarfr (‘svært djerv’).

I mange norske målføre er hund nesten borttrengt av bikkje. Då vert både hodyra og hanndyra gjerne omtala som ho: «Kvar er bikkja?» «Ho ligg under bordet.» Det er elles vanlegare å seia bikkjeslagsmål enn hundeslagsmål, men hund står sterkt i skriftmålet, so me treng ikkje setja inn redningshundane heilt enno. Opphavleg vart bikkje nytta om hohunden (jf. tispe, tik). Ordet har vore nytta nedsetjande om folk, men ikkje like mykje som det engelske motsvaret bitch. Hund kan òg nyttast til slikt («din lathund!»), og den latinske ordboka fortel at canis vart nytta «som skjellsord om et ekkelt, frekt, biskt el. krypende menneske».

Nokre ord og vendingar fortel oss at det er hardt å vera «berre ein hund». Verbet hundsa, som me nyttar om å fara omsynslaust fram, tydde opphavleg ‘handsama som ein hund’. Eit hundeliv er eit slitsamt eller usselt liv. Samanlikninga «som ein hund» kjem ofte i fylgje med eit leitt verb: frysa som ein hund, grua seg som ein hund. Å «gå i hundane» (til grunne) er derimot positivt, sett frå synsstaden til hunden: Det har grunntydinga ‘verta hundeføde’.

Hund ter seg elles i namnet på planter (hundekjeks, hundegras), stjernebilete (t.d. Den store hunden), sjukdomar (raude hundar) og andre dyr (t.d. flygande hund, d.e. ei flaggermus). Ordet lomhund er ei omlaging av lemen. Det finst mange ord og vendingar med hund som ikkje er nemnde her, men den som er ein hund etter slikt, finn det lett i ordbøkene. I alle høve gjeld det å ikkje sjå (el. skoda) hunden på håra.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis