Hornet på veggen
«Når horna er av, er det seint å stanga», seier ordtaket. Den som er kollete (utan horn), kan plaga folk på anna vis. Det er fullt mogleg å skada nokon med eit skohorn, og det er leitt å stå rett attmed ein bil når føraren legg seg på hornet. Men horn tyder fyrst og fremst ‘utvokster på hovudet hjå dyr’. Slirehorn eller ekte horn finn me hjå drøvtyggjarar i oksefamilien. Dyr i hjortefamilien kan ha gevir. Nashornet og sjiraffen har særmerkte horn, og mange leddyr har følehorn.
Det eine av dei to gullhorna frå Gallehus på Jylland (truleg drikkehorn frå om lag år 400) hadde ei runeinnskrift på urnordisk: ek HlewagastiR HoltijaR horna tawido. Tolkingane ymsar. Ei av dei går slik: ‘Eg, Legjest, son av Holte, laga hornet.’ Som me ser, har horn halde seg godt. Me skriv det framleis med r, men i målføra finn me former som honn, hodn, hønn, hødn og hoinn.
Eit vanleg ord for ‘vinkelparti, spiss’ kjem av horn: hyrne (dansk form hjørne, svensk hörn). Engelsk corner (‘hyrne; krok; sving’) kjem av latin cornu (‘horn’). Horn er i ætt med ei rad «harde» ord, til dømes kranium og keratin. Hjernen er mjukare, men hjerne er avleitt av eit ord for ‘skalle’ og høyrer òg til her.
Det er særleg hanndyra, medrekna fanden, som er kjende for å ha horn. Me har til dømes ordlag som «ta oksen med horna» (i ulike variantar). Men kyr og andre hodyr kan òg ha horn. Det eldste av skilta som varslar fare for husdyr i vegbana, viser ei ku som har horn med knoppar på. Ordlaget «ha eit horn i sida til» vart fyrst nytta om okse eller ku som stanga, men er no mest nytta i overført tyding om å ha varig uvilje mot nokon.
Å renna eller stanga horna av seg (tysk sich die Hörner ablaufen, latin deponere cornua) er å verta mognare og meir omtenkt. Men brått kan ein verta hornete likevel: Det engelske adjektivet horny (eig. ‘hornete’) vert ofte nytta i tydinga ‘kåt’. Truleg vart det fyrst nytta om seksuelt opphissa menn, men med tida er det vorte eit ord som kan nyttast om alle.
Me har ei rad ord som viser til saker som er laga av horn eller liknar horn: posthorn, ostehorn, hornbriller, horninstrument og hornhinne (nylatin cornea). Horn ter seg òg i stadnamn, som Romsdalshornet og Afrikas horn. Aviser kan i biletleg meining vera tutarhorn (for tankar, meiningar).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel